Her er den nye styreleiaren i Helse Møre og Romsdal

Ingve Theodorsen (64) er ny styreleiar i helseføretaket.

Ingve Theodorsen
Ingve Theodorsen

Måndag 5. mars blei det klart at Helse Møre og Romsdal har fått ny styreleiar.

Statoil-bakgrunn

Ingve Theodorsen (64) har hatt Statoil som arbeidsgivar i mesteparten av sitt yrkesaktive liv, og siste stilling var som teknisk direktør for anlegg til havs.

- Eg likar utfordringar, og trur dette blir interessant og lærerikt. Eg ser fram til å starte på oppgåva, og vil bruke tida framover for å sette meg inn i helseføretaket, seier den nyoppnemnde styreleiaren.

I løpet av våren vil styreleiaren besøke helseføretaket for å bli nærare kjend med organisasjonen.

Styreerfaring

Dei fire siste åra har han også vore styremedlem i føretaksstyret for St.Olavs Hospital, og han har m.a. vore styremedlem i Forskingsrådet i tolv år – åtte av dei som styreleiar.

I Helse Møre og Romsdal er alle medlemmane nye med unntak av tilsetterepresentantane, og første styremøte er fredag 16. mars.

Les også: Nytt styre i Helse Møre og Romsdal