– For å bidra til erfaringsutveksling både internasjonalt og på tvers av sjukehusa i HMR har vi etablert dette nettverket, kor det vert halde regelmessige møter. Der kan vi diskutere felles metodiske og praktiske utfordringar. Vi har eit mål om å stadig utvikle oss fagleg og denne gongen hadde vi med fagpersonar frå Tyskland og USA, seier ortopedisk overlege og teknisk ansvarleg for seminaret Terje Vagstad

Klar for operasjon: Avd. sjef og overlege ortopedi Ålesund Erland Hermansen, Prof Christof Hurschler og Manuel Ferle, Hannover Medical School, John Xenos, Colorado Orthopaedics, USA, overlege Terje Vagstad, Ålesund
Variert program
I løpet av veka er forsking, klinisk praksis og resultat frå ulik typer prosjekt blitt presentert.
– Det er inspirerande å sjå kva som skjer innan fagområdet ein sjølv jobbar i. Det er og interessant å sjå kva andre driv med av forsking og utvikling, både generelt og innan eigen spesialitet, seier Jan Arild Klungsøyr.