Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Jobbar med å ferdigstille utviklingsplanen

I arbeidet med ny utviklingsplan for HMR blei det 26.januar gjennomført ei ROS-analyse for å sjå på ulike risikoområde knytt til utviklingsarbeidet i føretaket.

Publisert 26.01.2018
Sist oppdatert 02.02.2018
En collage av mennesker

Det har kome inn godt over 100 høyringssvar på Helse Møre og Romsdal sin utviklingsplan. Høyringssvara kjem frå interne fagmiljø i helseføretaket, kommunar, fagforbund og interesseorganisasjonar, utdanningsinstitusjonar og avtalespesialistar. 

Risikoområde

Fredag samla ekspertgruppa i helseføretaket seg for å arbeide vidare med Utviklingsplanen. Ekspertgruppa består av leiargruppa i Helse Møre og Romsdal, tillitsvalde og verneombod samt representantar frå kommunane.

I møtet ble det diskutert ulike aspekt ved identifiserte risikoområde og analyserte desse. Høyringsinnspela utgjer ein viktig del av dette.

Risiko- og sårbarheitsanalysen vil vere sentral i det vidare arbeidet og skal gi ein beskrivelse av dei identifiserte risikoområda samt kva ekspertgruppa anbefaler av risikoreduserandre tiltak.

Neste møte i styringsgruppa er 6. februar.

Endeleg versjon av utviklingsplanen skal leggast fram for styret i Helse Møre og Romsdal 21. februar, før den blir oversendt til Helse Midt-Norge innan fristen den 1. mars.

Kva er utviklingsplanen

Ein utviklingsplan skal peike på ønska utviklingsretning for sjukehusa i helseføretaket og kva tiltak som er nødvendige for å møte utfordringane i framtida. Planen skal seie noko om korleis helseføretak vil utvikle verksemda si for å vere klar for dei framtidige behova for helsetenester.
Formålet er å skape pasienten si helseteneste gjennom riktig kompetanse, nye arbeidsformer og
riktige bygg og utstyr. 

Alle helseføretak i Noreg skal lage ein utviklingsplan for si verksemd, og den skal reviderast kvart 4. år

Vidare framdrift for utviklingsplanarbeidet

Utviklingsplanen som består både av den faglege planen og den bygningsmessige planen skal til behandling i styret i Helse Møre og Romsdal 21. februar. Vidare skal planen til styret i Helse Midt-Norge 1. mars. Før den tid skal følgjande aktivitetar gjennomførast:

  • Møte i styringsgruppa 6. februar
  • Møte med føretakstillitsvalde  8. og 12. februar
  • Saksdokument til styret blir klart 14. februar
  • Møte i overordna samhandlingsutval 20. februar
  • Møte i brukarutvalet i HMR 20. februar
  • Styremøte 21. februar
  • Sendast til Helse Midt-Norge 1. mars