Ønskjer eit tettare samarbeid om utvikling av helsetenestene
Arbeidet med utviklingsplanen for Helse Møre og Romsdal har engasjert både tilsette i føretaket, eksterne samarbeidspartar og brukarar. Under dagens dialogmøte i Kristiansund blei det sett fokus på alle høyringsinnspela som har kome inn til planarbeidet.
– For å lukkast med å gi pasientane våre eit best mogleg tilbod så må Helse Møre og Romsdal, kommunane og brukarane gå hand i hand og samarbeide tett. Eg ønskjer at vi i framtida tenkjer meir heilskap og utviklar helsetenestene våre på ein måte som legg vekt på gode pasientforløp, omstilling og innovasjon, sa adm. dir. Espen Remme. Sjå presentasjonen frå møtet
I møtet uttrykte Remme at utviklinga av tenestetilbodet må skje gjennom samarbeid både internt i føretaket og saman med eksterne partar. På møtet kom det forslag på fleire konkrete tiltak til korleis samarbeidet mellom føretaket om omverda kan styrkast. Fleire deltakarar ga innspel på at det er mykje snakk og for lite handling. Meir involvering og samarbeid blei også trekt fram som eit forbetringspunkt frå salen.
Verdifulle høyringsinnspel
Remme takka alle som har kome med innspel til utviklingsplanen og trygga tilhøyrarane på at alle innspel blir gjennomgått og vurdert. Samstundes kom Remme med ein tydeleg bodskap til deltakarane i møtet.
– Helse Møre og Romsdal består av fire sjukehus og vi opplev diverre ein god del spenning mellom ulike sjukehus. Eit positivt tiltak ved eitt av sjukhusa, blir ikkje alltid verdsett ved eit anna sjukehus. Dette er problematisk for oss og utgjer ein risiko for utviklinga av pasientane sitt tenestetilbod. Dette er noko vi må tørre å snakke om. Skal vi greie å utvikle oss saman som eitt føretak så må vi ville kvarandre godt, sa Remme.
Positive dialogmøte internt i føretaket
Den siste tida er det gjennomført fleire sjukehusvise møte for å styrke medverkinga frå tilsette i HMR inn i utviklingsplanarbeidet. Det er gjennomført dialogmøter om den bygningsmessige utviklingsplanen ved sjukehusa i Volda og Ålesund, og i tillegg er det gjennomført møte med tillitsvalte i føretaket. Tilbakemeldingane etter møta er at tilsette føler seg betre inkludert i planlegginga.
Vidare framdrift for utviklingsplanarbeidet
Utviklingsplanen som består både av den faglege planen og den bygningsmessige planen skal til behandling i styret i Helse Møre og Romsdal 21. februar. Vidare skal planen til styret i Helse Midt-Norge 1. mars. Før den tid skal følgjande aktivitetar gjennomførast:
- Møte i styringsgruppa 6. februar
- Møte med føretakstillitsvalde FTV 8. og 12. februar
- Saksdokument til styret 14. februar.
- Møte i overordna samhandlingsutval 20. februar
- Møte i brukarutvalet i HMR 20. februar