Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

- Høyring om retningsliner for samarbeid mellom fastlegar og sjukehus

Oppgåvefordeling for å nå eit felles mål

-Vi har i alle år hatt eit særs godt samarbeid mellom fastlegane i Møre og Romsdal og HMR sine behandlarar.  Dette samarbeidet ønskjer vi å sette i system for at det skal bli enda tryggare å vere pasient i Møre og Romsdal, seier Stian Endresen praksiskonsulent i Helse Møre og Romsdal. Endresen er også leiar av gruppa som har utarbeidd forslag til retningsliner for arbeids- og ansvarsfordeling mellom legar i og utanfor sjukehus som no skal ut på høyring.

Jan ole Bolsø
Publisert 13.09.2018
Sist oppdatert 01.09.2020
Skikkelse
Samhandling handlar om oppgåvefordeling for å nå eit felles mål. Illustrasjon: Colourbox

​-Vi trur at pasientane føler seg trygge når dei veit kven som gjer kva, korleis vi samarbeider, korleis vi informerer kvarandre og korleis vi involverer og samarbeider med våre pasientar, held Endresen fram.

Arbeidsgruppe

"Møteplass Møre og Romsdal" skal sikre godt samarbeid mellom fastlegar, avtalespesialistar og sjukehuslegar. Representantar for klinikkane i helseføretaket og fagavdelinga har saman med praksiskonsulentane, tre kommuneoverlegar og seksjonsleiar for pasienttransport vore ein del av ei arbeidsgruppe.

Gruppa har gjennomført 3 arbeidsmøte sidan mai 2018 der målsettinga har vore å utarbeide retningsliner for arbeids- og ansvarsfordeling mellom legar i og utanfor sjukehus. Arbeidet er med på å sikre like rutiner i heile fylket slik at ein tar bort uønska variasjonar.

Retningsliner for arbeids- og ansvarsfordeling

-Arbeidsgruppa har vore opptekne av at pasientar som kan ta ansvar for oppfølging av eiga helse, slik som for eksempel å bestille legetimer, skal få lov å gjere dette sjølv seier Endresen. - Vi har samtidig  vore opptekne av å sikre at dei pasientar som trenger hjelp til å følgje opp eigne helseplager skal få denne hjelpa.

Han presiserer at vi må skape ei felles forståing om at samhandling handlar om oppgåvefordeling for å nå eit felles mål. I helsevesenet i Møre og Romsdal må vi fordele oppgåvene  mellom behandlarar i 1. linje og 2. linje slik at vi greier å skape så gode helsetenester som mogleg med dei ressursar vi har tilgjengeleg.

-Vi må også avklare kva oppgåver pasientane kan ta på seg seier Endresen. - Nokre oppgåver skal pasienten ha, nokre oppgåve skal behandlarar i 1. linje utføre, nokre oppgåver utfører behandlarar i 2. linje og nokre oppgåver må vi utføre saman. I Møre og Romsdal skal vi akseptere at nokre behandlingsoppgåver alltid vil ligge i ”gråsona”  mellom nivåa.

Høyring

Dokumentet som blir sendt på høring er ein revidert versjon av Norsk foreining for allmennmedisin sine anbefalingar om samarbeid mellom fastlegar og sjukehus. Retningslinene skal evaluerast kontinuerleg og innspel til forbetring vil bli vurdert regelmessig .

Målet med retningslinene er å sikre pasientane eit koordinert tilbod gjennom ei klar ansvarsfordeling. Dette vil kunne bidra til god samhandling og redusert risiko for bl.a. kommunikasjonssvikt. Retningslinene i dokumentet skal kontinuerlig evaluerast.


Høyringsinnspel sendast til:

Postmottak@helse-mr.no -  merk epost med «Høyringsinnspel Møteplass Møre og Romsdal» i emnefeltet.
Høyringsfrist er 6 veker, dvs. seinast 19. oktober 2018.

Vedlegg:

Høringsbrev
Retningsliner for samarbeid