Årets pris vart tildelt to sjukehus: Sykehuset Innlandet og Ålesund sjukehus, for framifrå innsats med registreringsarbeidet til SOReg-N.
I samband med årsrapporten for 2016 fekk SOReg-N utarbeida dekningsgradsanalyse frå Folkehelseinstituttet. Her vart tala for registrerte pasientar i SOReg-N samanlikna med tal på innrapporterte fedmeopererte til Norsk Pasientregister (NPR). I tillegg vart tala kopla slik at ein kunne sjå om det var dei same pasientane som hadde blitt registrert i begge registra.
Sykehuset Innlandet hadde rapportert 225 pasientar til SOReg-N og alle desse var med blant dei 227 pasientane som var rapportert til NPR. Dette gir ein dekningsgrad på 99%.
Ålesund Sjukehus hadde registrert 40 pasientar i SOReg-N og dei same 40 pasientane var rapportert til NPR, altså ein dekningsgrad på 100%.
Dette er framifrå resultat, og registeret vil med denne prisen takke for godt arbeid!