Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientreiser har fått nytt telefonnummer

Pasientreiser går frå 5-sifra til 8-sifra telefonnummer. Det betyr at det i dag har blitt billigare å ringe til Pasientreiser. Nummeret er nesten likt som før, berre sett 915 foran. Det nye nummeret er 915 05 515.

Publisert 01.06.2018
Dame med mobiltelefon
Foto: nordsveenfoto.no

​– Mange har gitt uttrykk for at dei synest det har vore dyrt å ringe til Pasientreiser. Og sjølv om Pasientreiser ikkje har hatt inntekter av å ha eit 5-sifra nummer, er vi no glade for å få på plass ei meir brukarvennleg løysing for dei som ringer oss, seier seksjonsleiar for Pasientreiser i Helse Møre og Romsdal, Jacob Devold.
 
Telefonnummeret er ein nasjonal teneste og ved å ringe nummeret vil du kome til det pasientreise-kontoret som er nærast der du ringer frå.