Plusstall opp mot budsjett i januar

- Men eg ønsker ikkje å teikne eit positivt bilete av situasjonen vi er i. Vi må fortsette å legge trykk på å få til dei omstillingane som trengs, seier adm. dir Espen Remme.

Frå styremøtet i februar 2018.
Frå styremøtet i februar 2018.

Resultatet for januar viser eit positivt avvik mot budsjett på 5,1 mill. kroner, og det er først og fremst meirinntekter som veg opp for kostnadar på løn.

Regnskapsmessig endte resultatet for 2017 på -112,3 mill. kroner - omtrent på prognosa som var satt til -111,1 mill.  kroner. Nytt resultatkrav frå eigar på 12,2 mill. kronar kjem i tillegg.

- Vi ser at DRG-aktiviteten er lågare enn budsjettert, og vi har store avvik på -48 millioner kroner opp mot budsjett, på utgifter knytt til medikament i 2017, seier økonomidirektør Heidi Nilsen som også trakk frem risiko knytt til rekruttering og personalsituasjon.

- Riktig helsepersonell er viktig og tett knytt til aktivitet. Har vi ikkje nok av riktig helsepersonell på rett stad, vil det skape flaskehalsar som får konsekvenser på aktivitetsnivået, seier Nilsen.

Ho påpeiker også risikoen med å setje seg i en slik situasjon at ein må halde tilbake investeringar også i 2018.

- Det er heilt klart at å halde tilbake investeringar slik vi gjorde i 2017, har ei bakside. Dei investeringane som er gjort på medisinskteknisk utstyr (MTU) har vore knytt opp mot fare for samanbrot. Det er viktig at vi har handlingsrom nok til å investere i nødvendig MTU og fortsette med nødvendig vedlikehald, seier Nilsen.

I styresaka er det trekt fram fem hovudtiltak for å sikre at ein ser kostnadsuttaket i samanheng på tvers av klinikkane og sjukehusa.

1) Sengepoststruktur inkludert intensivtilbod

• Rett tal senger, rett bemanning og fleksibel drift generelt
• Utjamne belastning i periodar med auka pasienttilgang.
• Første tiltak: sjå på organisering og drift av sengepostane ved Molde sjukehus for sommaren 2018

2) Optimalisering av operasjonsaktiviteten

• Betre nytting av personellet på operasjonsavdelinga, slik at ein får gjennomført fleire inngrep og reduserer  behov for dyr innleige.
• Utnytte den samla operasjonskapasiteten i føretaket betre.
Tiltak i gong
• Etablert samarbeidsarenaer på alle sjukehusa der seksjonsleiarar og avdelingssjefar deltek
• Midlertidig flytta nokre elektive pasientar til Volda
• Tidlegare i gong med operasjonsprogram på operasjonsstovene. Starter med Volda, Ålesund og Kristiansund.

3) Reduksjon av intern rekvirering av labprøvar og radiologi

• Innført dialogmøte mellom Klinikk for diagnostikk og andre klinikkar – redusere unødig rekvirering av laboratorieprøver og radiologiske undersøkinger.
• To innsatsområde: analysepakkar, redusere tal urinprøver til dyrking

4) Reduksjon av kontrollar ved St. Olav

• Ser på kva pasientområde ein kan starte pilot med videokonsultasjonar på. Mål om å kome i gong med pilot 2. eller 3. kvartal.

5) Reduksjon av varekostnadar

• Auka avtalelojalitet og standardisering av føretaka sine innkjøpsprisar er berekna å gi gevinstar.


Les også styresaken her.

Reaksjonar frå styret og leiargruppa:

Petter Bjørdal (nestleiar): Syns det er positivt å sjå at ein har klart å få eit taktskifte økonomisk. Men det er mykje å ta igjen. Skal ein dreie pengebruken over til å forsvare store investeringar, så er det på lønskostnadssida ein har moglegheit til å få til dei endringane.

Svein Anders Grimstad (styremedlem): Er dere flinke nok til å bruke nøkkelpersonell til nøkkeloppgåver?

Anette Lekve (styremedlem): Det er gledeleg at vi har eit positivt resultat, men det er eit budsjett med betydeleg risiko spesielt når det gjeld rekruttering. Fleire ansatte over på heiltid vil dempe noko av utfordringa, samt at vi må sette inn tiltak for å behalde dei vi har og få dei til å stå lenger i stillinga. Vi bruker ein god del pengar på innleige av vikarar, noko som seier litt om korleis vi planlegg bemanninga. Skulle gjerne sett ei totaloversikt over både kortsiktig og langsiktig behov for spesialsjukepleiarar. Vi veit at alderssamensetninga er veldig høg på den yrkesgruppa i helseføretaket.

Mikal Gjellan (styremedlem): Har ein oversikt over tal spesialsjukepleiarar som forsvinn ut av helseføretaket og kvifor?

Stein Kinserdal (styreleiar):  Vi løyser ikkje heiltidsproblematikken før vi løyser arbeidstidsbestemmelsene. Tal frå Norsk Pasientregister viser at vi er tungt bemanna på deler av døgnet, og dårleg bemanna på andre tider av døgnet. Helsefagarbeidergruppa er nesten ute av norske sjukehus. Det er også viktig å auke bevisstheita på kva det er vi eigentlig treng av kompetanse framover. Teknologiutviklinga, samhandlinga og pakkeforløpa treng eksempelvis ein heilt anna kompetanse. Så eg trur vi må rette fokus på oss sjølv og sjå på korleis vi kan byggje opp den kompetansen.

Espen Remme (adm.dir): Det har blitt ettertrykkelig påpeikt, også i utviklingsplanen, at rekruttering er eitt av dei viktigste satsningsområda. I lys av spørsmåla som blir løfta her, så trur eg mykje av løysinga ligg i evna til å tilpasse bemanninga til variasjonen på pasienttilgangen. Det handlar om leiarskap, om god og ikkje minst realistisk planlegging.