Registrer hjertestartaren din no!

Nytt nasjonalt register gir oversikt over tilgjengelege hjertestartare. Men da må du først registrere hjertestartaren din.

Hjertestartaren er eit viktig livreddande tiltak.
Hjertestartaren er eit viktig livreddande tiltak.

- Hjertestartaren er eit viktig og potensielt livreddande tiltak all den tid du har tid til å gjere noko før ambulansen kjem, seier avdelingssjef Kristen Rasmussen i Klinikk for akuttbehandling i Helse Møre og Romsdal.

12 % tilkobla hjertestartar

Tal frå Norsk hjertestansregister viser at 3 av 5 hjertestans skjer i heimen, at halvparten av alle hjertestans blir nådd innan 9 minutter, men bare 12 prosent blei tilkobla hjertestartar før ambulansen kom.

- Alle som eig ein hjertestartar må registrere hjertestartaren sin på 113.no. På den måten vil hjertestartaren bli synleg for operatørane du snakkar med når du ringer 113, seier prosjektleder Siw Lilly Osmundsen i Hjertestarterregisteret.


Registrer på 113.no - gamalt register blir avvikla

I Møre og Romsdal har folk før meldt inn hjertestartarane sine til akuttmedisinsk kommunikasjonssentral 113 (AMK), men no blir det lokale registeret avvikla til fordel for det nasjonale.

- I ein overgangsperiode vil vi ha tilgang på begge registra, men etter kvart vil vårt lokale register bli avvikla, slik at vi er avhengige av at alle no går inn og registrerer hjertestartarene sine på 113.no – også dei som før har registrert dei hos oss, seier Rasmussen i Helse Møre og Romsdal.

Ifølge Nasjonal kompetansetjeneste for prehospital akuttmedisin (NAKOS) er det i underkant av 300 hjertestartare i Møre og Romsdal. Fleire av disse ligg allereie i registeret, medan andre må leggast inn med fleire detaljer, slik at dei vert synlege for AMK-operatørane.

På 113.no kan du registrere hjertestartaren. 

Faksimile 113