Rehabiliteringskonferansen 2018 nærmar seg
- No er det berre knappe 4 veker til årets rehabiliteringskonferanse i Møre og Romsdal. I år har konferansen fått namnet ”Mine mål og ressursar” og fokuset vert på brukaren sine eigne ynskjer og mål seier koordinerande eining i Helse Møre og Romsdal Anne Hollingen. - Den går av stabelen i Ålesund 31. oktober og er full av aktuelle tema.
Fritt behandlingsval for habilitering og rehabilitering
- 1. juni i å skjedde det ei styrking av pasientane sine rettar. No kan dei fritt velje stad for rehabilitering og habilitering fortel Hollingen. – Det betyr at alle pasientar som har rett til rehabilitering fritt kan velje mellom offentlige og private rehabiliteringsinstitusjonar som har avtale med regionale helseføretak.
- Vi fortsetter å styrke pasientanes rettigheter og valfridom. Retten til å velje kva institusjon du ønskjer å få rehabilitering på bidrar til betre utnytting av ressursane og kortare ventetid, sa helse- og omsorgsminister Bent Høie då dei nye rettane vart etablert.
På konferansen vil Hilde Husby som er seksjonsleiar spesialisert habilitering i Nordmøre og Romsdal gå nærmare inn på kva dette betyr her hos oss.
Pakkeforløp rus og psykiatri
- Stabssjef i Klinikk for psykisk helse og rus, Ole Lorvik kjem for å orientere om implementering av Pakkeforløp for psykiatri og rus som skjer trinnvis frå i haust. Pakkeforløp utredning og behandling i psykisk helsevesen, barn og unge skal vere gjeldene frå 1. januar 2019.
Pakkeforløp er nasjonale normgivande forløp, utvikla i samarbeid med brukarorganisasjonar og fagfeltet. Forløpa skal bidra til pasientens helseteneste gjennom auka brukarmedverknad og samarbeid med pårørande.
Brukarane er ekspertar på eige liv
- Det er brukarane som er ekspertar på eige liv, og som veit kor skoen trykker seier Hollingen. - Skal tenestene bli betre, må brukarane involveras og forventningar avklaras. Pasienten må få hjelp av helsepersonell til å vurdere ulike behandlingsalternativ for å kunne ta et val om behandling og oppfølging. Tenestene må ta omsyn til pasienten sine behov, ressursar og kva som er viktig for den enkelte. Målet er at pasienten skal medverke i alle avgjørsler om behandling og oppfølging.
- Skal vi lukkast må vi legge helsetenestene til rette slik at vi samarbeider på ein god måte held Hollingen fram. – Eit grep for å forbetre tenestene, som eg skal legge frem på konferansen, er Handlingsplan for koordinerande eining, individuell plan og koordinator. Handlingsplanen er en skriftlig plan og seier kva som skal gjærast av kven og når. Planen skal sikre at tiltaka blir gjennomført til avtalt tid. Både kommunane og helseføretaket har ei rekke utfordringar i arbeidet, men målet er å bli betre saman.
Andre tema
Andre tema som vert tatt opp er hjernehelse, psykologisk fleksibilitet, opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering 2017 – 2019, brukarmedverknad og tverrfagleg samarbeid i team og framtidsretta pasientløp for eldre multisjuke pasientar
- Vi har lagt vekt på kortreiste føredrag seier Hollingen. - Det gjer det enklare å ta kontakt med føredragshaldarane på eit seinare tidspunkt om det er noko du ynskjer å fylgje opp.
- Konferansen vert arrangert i samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal HF og Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Dei fleste av føredragshaldarane er frå Møre og Romsdal. Og det er framleis plassar igjen, men vi har i år eit tak på 140. Så det er bare å skynde deg å melde deg på.