Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ser ein markant nedgang i bruken av tvang

I førre styremøte blei helseføretaket oppmoda om å gi ein status på arbeidet med riktig og redusert bruk av tvang i dagens møte. Orienteringa til styret viser ei positiv utvikling.

Publisert 21.02.2018
En mann som står i et rom med folk som sitter ved pulter
Klinikksjef Karl-Arne Remvik i Klinikk for psykisk helse og rus

​- Vi ser ein nedgang i bruk av tvang i heile helseføretaket. Tal vedtak med mekaniske tvangsmiddel har gått markant ned frå 135 i 2016 til 50 i 2017, seier Karl-Arne Remvik klinikksjef for psykisk helse og rus i Helse Møre og Romsdal.

Klinikksjefen fortalte også at ein ser ei dreiing frå bruk av belteseng til kortvarig holding, noko som er ei positiv utvikling. Han trakk også inn at det er eit stort fokus på tvang i Skandinavia og i Europa elles, der Finland og Norge ligger øverst medan Danmark og Island ligger lågare.

Over 400 på kurs

Gjennom hausten 2016 og våren 2017 var det mykje merksemd kring bruk av tvang, og både før og etter at tematikken blei løfta har ein jobba med fagområdet. I tillegg til å utarbeide ei plan for riktig og redusert bruk av tvang, har ein satt opp ein strategi for korleis vi skal nå desse måla, og ein har gjennomført internrevisjon både på Hjelset og Ålesund.

- Over 400 tilsette har vore gjennom kurs i terapeutisk mestring av aggresjon, ein metodikk utvikla av Helse Bergen. I dag har vi 6 ferdig utdanna instruktørar og ytterlegare 4 er i utdanning, seier Remvik.

Fleire tiltak på gong

Fleire andre tiltak er også gjennomført eller planlagt framover, mellom anna interne og eksterne fagdagar i samarbeid med kommunane, ein har oppretta dialogmøte mellom brukarar og tilsette, der det er likevekt mellom representantane.

Vidare skal ein etablere ei arbeidsgruppe som skal sjå nærare på aktivitetstilbod og interiør. Dette er faktorar som betyr noko, og slike tilbod har blitt priortert ned medan ein har satsa på høg kompetanse. Klinikken arbeider også med pasientforløp i akutt psykisk helse. 

Samstundes som spesialisthelsetenesta har ein nedgang i bruk av tvang, så er det ein auke i innleggingar på tvang frå kommunane og som ein må arbeide vidare med framover.

Sjå presentasjonen her.

Besøkte Ålesund sjukehus

Sivilombodsmannen har besøkt fleire institusjonar i Norge der ein har fokusert på bruken av tvang, og i september 2017 besøkte dei avdeling for sjukehuspsykiatri ved Ålesund sjukehus. I rapporten frå besøket som blei offentleggjort  i desember viser eit av funna at personalet oppgir utryggheit som noko av årsaken til tvangsbruk. Kursing av tilsette har vore ein av tiltaka for å møte dette.

- Målet vårt er å redusere bruk av tvang i nært samarbeid med pasientar og tilsette, seier klinikksjefen som høsta positiv respons frå styret etter gjennomgangen.

- Det er positivt at tematikken kring tvang blir trekt opp så tydeleg. Det er med på å bevisstgjere alle, sa styreleiar Stein Kinserdal og fekk støtte frå nestleiar Petter Bjørdal som sa seg tilfreds med endringa som har skjedd.

- Frå primærhelsetenesta sitt ståsted er det heilt klart at tilsette i helseføretaket er mykje meir orientert kring frivilligheita, og det er positivt, sa Svein Anders Grimstad.

Les: Tar til oss anbefalingene