Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Starten på ei ny tid på Hjelset

27.februar markerte Helse Møre Romsdal at rivinga av eit av dei gamle landemerka på Hjelset starta opp. Rivinga ein viktig milepæl i arbeidet med realiseringa av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.

Guri Viken
Publisert 27.02.2018
En mann som står foran en bygning med en kran i bakgrunnen
Tysdag, 27.februar starta rivinga av B-sentralen på Hjelset

- Eg er glad for at vi kan starte rivinga av sentralane i dag. Samtidig er det viktig for oss å markere og vise respekt for ei over 100 års historie med psykiatrisk drift på Hjelset, seier adm.dir. Espen Remme i Helse Møre og Romsdal. 

Historisk tilbakeblikk

Tidlegare avdelingsoverlege og psykiater, Arne Ruset og rådgivar ved klinikk for psykisk helsevern og rus, Geir-Ove Vilnes, fortalte om korleis behandlinga og aktivitetstilbodet til pasientane har utvikla seg fram til i dag. 

- Da B-sentralen opna dørene for dei første psykiatriske pasientane i 1913 var asylet det mest moderne i landet. Pasientar kom frå mange stader i landet og var starten på ei utvikling og utviding av det psykiatriske tilbodet med stadig fleire bygg på Hjelset, fortalte Ruset.

En gruppe menn som snakker
 

SNR blir vår nye stoltheit

Med bygginga av det nye akuttsjukehuset vil det psykiatriske tilbodet til befolkninga i Nordmøre og Romsdal igjen blir blant dei mest moderne i landet.

- I SNR blir psykiatrien integrert med det somatiske sjukehustilbodet, pasientane får einerom og moglegheitene for heilskapleg behandling blir langt betre enn i dag. Det blir ein ny kvardag både for pasientar og dei tilsette, seier Remme.

Styreleiar i Romsdal regionråd, Torgeir Dahl og representant frå Nordmøre regionråd, Milly-Bente Nørsett, deltok på markeringa og utrykte glede og ei stor forventning til det framtidige tilbodet.
I tida framover ønskjer dei eit tett samarbeid mellom regionråda på Nordmøre og i Romsdal for å sikre eit best mogleg pasienttilbod i SNR.

En gruppe mennesker som sitter ved bordene