Stor satsing på utdanning av spesialsjukepleiarar

Har du lyst til å bli spesialsjukepleiar og samtidig få løn i studietida, har du moglegheiten no.

Anestesisjukepleiar Kanutte Roald i aksjon på Ålesund sjukehus.
Anestesisjukepleiar Kanutte Roald i aksjon på Ålesund sjukehus.

Helse Møre og Romsdal treng fleire spesialsjukepleiarar innan anestesi-, intensiv- og operasjonssjukepleie (AIO).

No blir det utlyst utdanningsstillingar med 80 % løn i studietida. Løn under studiet medfører bindingstid på to år i full stilling i føretaket, og tilbod om 100 prosent fast stilling som spesialsjukepleiar i HMR etter bindingstida.

Klinikk for akuttbehandling ønsker dialog med aktuelle søkjarar og vil invitere til samtale i forkant av tildeling av studieplass. Du søkjer derfor på utdanningsstilling før søknadsfristen ved NTNU.

Klikk her for å søke på utdanningsstilling - søknadsfrist 2. april 2018. 

Les meir om utdanningsløpa:

Vidareutdanning i anestesisjukepleie
Vidareutdanning i operasjonssjukepleie
Vidareutdanning i intensivsjukepleie

Tilbodet om utdanningsstilling er primært retta mot tilsette i HMR, men søkjarar utanfor føretaket er også velkomne til å søkje.

Du må ha minst to års relevant praksis for å søkje opptak til utdanningsstilling og vidareutdanning. Eignaheit og motivasjon for studiet vil også bli vektlagt ved tildeling av utdanningsstilling i HMR.

Vil du vite meir om kva det vil seie å være spesialsjukepleiar i HMR kan du delta på rekrutteringsdagar ved dei fire sjukehusa i føretaket.

Bli med på rekrutteringsdagane

Mandag 5. mars kl 11 - 16 i Ålesund

Onsdag 7. mars kl 11 - 15 i Kristiansund

  • Stad: 2. etasje ved intensiv på Kristiansund sjukehus
  • Kontaktperson: Ola Dagfinn Bokasp - tlf 71 12 15 04

Fredag 9. mars kl 11 - 16 i Volda

Tirsdag 20. mars i Molde

  • Stad: Kirurgisk møterom i 4. etasje
  • Kontaktperson: Gry Rønning - tlf 71 12 14 85

Seksjonsleiarar, praksisrettleiarar, fagutviklingsjukepleiarar og nyutdanna spesialsjukepleiarar, samt representantar frå HR og NTNU vil vere til stades og tilgjengelege for spørsmål under rekrutteringsdagane.

Bli spesialsjukepleiar i Helse Møre og Romsdal from Helse Møre og Romsdal on Vimeo.