Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utviklingsplanen er klar for styrebehandling

I slutten av oktober sendte Helse Møre og Romsdal eit utkast av Utviklingsplanen på høyring. Over 100 innspel tyder på stort engasjement, og planen skal opp i styret i HMR den 21. februar. Planen skal gi ei retning for utviklinga i helseføretaket i eit perspektiv fram mot 2035.

Publisert 14.02.2018
Sist oppdatert 15.02.2018
En collage av bygninger
Utviklingsplanen er klar

– Målet vårt har vore å vere lyttande og å ha ein inkluderande og open prosess, og plandokumentet er eit resultat av bidrag frå mange partar som har kome med forslag og delteke på ulike møtearenaer internt og eksternt, seier adm.dir. Espen Remme i Helse Møre og Romsdal.

Planen som blir lagt fram er resultat av eit omfattande arbeid, og gir ein grundig gjennomgang av dagens situasjon, utviklinga framover og kva retning helseføretaket meiner ein må ta for å førebu seg på framtida.

– Vi står ovanfor store samfunnsendringar som påverker helsetenestene våre, og skal vi skape pasienten si helseteneste må vi løyse utfordringane saman, seier Remme.

Her kan du lese utviklingsplanen som er klar for styrebehandling

For å få eit raskt overblikk av innhaldet kan du lese samandraget, i tillegg til kapittel 5 som inneheld analyse og vegval. I kapittel 6 finn du dei sju hovudstrategiane og tiltaka som som er valde for å møte risikoområda det er peikt på i ROS-analysen

Auka involvering

I haust fekk helseføretaket kritikk frå tilsette på grunn av manglande medverknad noko som førte til ei intensivering i involveringa.

– Tilbakemeldingane frå tilsette gjorde at vi utvida intern høyringsfrist, organisert ekstra sjukehusvise møter, og intensivert omfanget av medverknad, seier Remme som opplev at signala frå tilsette no er positive.

I planperioden har helseføretaket også hatt fire dialogmøter med kommunane med høgt deltakartal. I januar blei også fire ekstra representantar inkludert i styringsgruppa for å sikre eit enda tettare samarbeid.

– Den offentlege høyring har gitt tilbakemeldingar og synspunkt som har vore nyttige og bevisstgjerande, og fleire er også tatt inn i plandokumentet, seier Remme.

Les meir om høyringa her.

Aktuelle tema i planen

Nokre tema har utløyst meir diskusjon enn andre, og det gjeld m.a. samanslåing av fødetilbodet i Kristiansund og Molde i 2019, det kirurgiske tilbodet og bygningsmessig utviklingsplan.

Samanslåing av fødeavdelingane i Kristiansund og Molde (frå kpt. 5.1.3.1.6)

Konklusjon: Mål om å slå saman fødeavdelingane i 2019, men det viktigaste er likevel å kome i gang med gode, opne og involverande prosessar for at avdelingane er samanslått i god tid (2 år) før innflyttinga i SNR.

Bakgrunn:
Høyringsinstansane har gitt omfattande, støttande og kritiske kommentarar, men det samla bildet er at ein opplever støtte til ei slik samling i forhold til å kome tidleg i gang med samarbeid og samkøyring før innflytting i SNR.

I planen står det at ein av omsyn til kvalitet, pasienttryggleik, rekruttering, driftsutfordringar og risikoen det vil vere ved ikkje å samkøyre desse to fødeavdelingane før innflytting SNR, vil samle fødeavdelingane i Kristiansund og Molde til eitt fagmiljø. For føretaket er det viktig å sjå dette som ein del av den samla organisasjonsutviklinga i prosessen mot SNR, og det å gjere endringar for fødeavdelingane innebere omfattande påverknad på nesten alle andre fagmiljø ved begge sjukehusa, uavhengig av kva sjukehus ein seinare beslutter å legge den samla fødeavdelinga til.

Føretaket ser det som viktig å kome i gang med prosessen for å utvikle fag, arbeidsprosessar og organisering før innflytting i SNR. Siktemålet er å ha samanslått fødeavdelingane innan utgangen av 2019, men det viktigaste er likevel å kome i gang med gode, opne og involverande prosessar for at avdelingane er samanslått i god tid (2 år) før innflyttinga i SNR.

Kirurgiske fag, brystkreft (frå kpt. 5.1.3.1.5)
Konklusjon: Frå 2020 har ein mål om å sikre kapasitet ved Ålesund sjukehus som legg til rette for at brystkreftkirurgi i fylket vert samla.

Bakgrunn:
Høyringane etterlyste heilskapstenking i samarbeidande fagmiljø innan kirurgi, og det å gjere reell bruk av den nye organisasjonsmodellen. Det vart peika på at faga i klinikken no er i same avdeling på tvers, der felles kompetansemiljø kan nyttast slik at oppgåver kan gjerast på fleire behandlingsstadar og understøtte eit sterkt fagnettverk i fylket. Dette har vore gode innspel i klinikken og ein etablerer no fagnettverk på tvers av sjukehusa i fylket.

Når det gjeld brystkreft er kirurgi den viktigaste behandlinga av brystkreft, og den blir gjort ved sjukehusa i Ålesund og Molde i dag. I tråd med Regional kreftplan 2011-2020, har Helse Møre og Romsdal i tidlegare vedtak anbefalt å samle all brystkreftkirurgi i Ålesund. Tidspunktet for sentraliseringa er ikkje fastsett og føresette at det skulle utarbeidast ein eigen plan for å auke kapasiteten ved Ålesund sjukehus. Slik plan har helseføretaket ikkje utarbeidd. Situasjonen er dermed at talet på endokrinkirurgar i føretaket før sommaren 2018 halverast,  og at det då berre er ein spesialist ved Ålesund sjukehus. Det fins to kirurgar til i føretaket med mangeårig brystkreftkirurgikompetanse, men ikkje formell spesialitet i endokrinkirurgi. Som ei ekstra utfordring er tilgangen på operasjon- og anestesisjukepleiarar ved Ålesund sjukehus kritisk.

Føretaket held fast ved anbefalingane om å samle brystkreftkirurgien. Vurderinga av noverande situasjonen er at det på kort sikt likevel ikkje er mogleg å gjennomføre denne sentraliseringa. For åra 2018 og 2019 ser det ut for at det må utførast brystkreftkirurgi både ved Molde og Ålesund sjukehus. I tillegg til eigen kapasitet, må ein i denne perioden sannsynleg nytte godkjende vikarar frå andre sjukehus og evt. få bistand frå St. Olavs hospital. Arbeid med rekruttering må intensiverast i perioden.

Frå 2020 har ein mål om å sikre kapasitet ved Ålesund sjukehus som legg til rette for at brystkreftkirurgi i fylket vert samla. Dette må skje i ein fagakse mellom Molde og Ålesund, der ein kan ha kirurgar med rett kompetanse ved begge sjukehusa, men der ein baserer seg på at sjølve brystkreftkirurgien vert samla i Ålesund. Utgreiing, oppfølging og kontroll av brystkreftpasientar skal også etter 2020 skje både ved Molde og Ålesund sjukehus, og for å få dette til må ein samarbeide om  felles kompetanse, der heile miljøet vert robust. Det er viktig å ta i betraktning heile bildet knytt til brystkreftpasientens langvarige oppfølging i spesialisthelsetenesta, slik at ein syter for at dei fleste kontaktar med sjukehuset kan skje så nært som mogleg bustad.

Bygningsmessig utviklingsplan (sjå styresaka kpt. 6 og utv.plan kpt. 5.2.5)

Den bygningsmessige utviklingsplanen skal ta utgangspunkt i den verksemdsmessige planen, arealbehova og utstyrsmessige behova som kjem fram der. Planen har ein horisont fram mot 2035, og omhandlar alle bygg utanom Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (Lundavang, Hjelset og Kristiansund sjukehus), som allereie er utgreidde i konseptrapporten for SNR.  Arbeidet og prosessen har blitt utført av prosjektgruppa med deltakarar frå SEMCO International, Nordic Office of Architecture, representert ved leiinga i helseføretaket, rådgivarar frå Klinikk for drift og eigedom, tillitsvalde, verneteneste og brukarrepresentant.

I denne delen av planarbeidet har ein konsentrert planlegginga kring dei to sjukehusa i Volda og Ålesund, medan dei andre einingane som t.d. DPS, rus- og rehabiliteringsinstitusjonar må ha eigne planar etter at den overordna faglege planen er vedtatt. Bygg som HMR leiger (t.d. ambulansestasjonar) er haldne utanfor det bygningsmessige planarbeidet.

I tilrådinga frå prosjektgruppa og styringsgruppa som gjeld sjukehusa i Volda (scenario 3) og i Ålesund (scenario 3), er det ikkje tatt omsyn til dei økonomisk ressursane som er tilgjengelege.
I vurderinga frå leiargruppa og adm.dir. ser ein at føretaket ikkje har tilstrekkelege økonomiske ressursar til å kunne prioritere  vedlikehald og samtidig gjennomføre utbygging av scenaria som er tilrådd.

Volda sjukehus
For Volda sjukehus ser ein at inngangs Inngangsterskelen til investeringa i samsvar med scenario 3 vil vere høg, og kan resultere i at oppstart ved Volda sjukehus vert utsett i tid. Basert på tilgjengelege investeringsressursar i planperioden og dei moglege løysingane som er skisserte, tilrår ein slik stegvis utvikling av Volda sjukehus:

  • I første fase følgjer ein scenario 1 med bygging av nytt akuttmottak inkl. observasjonssenger i vest. Dagens akuttmottak kan då byggjast om til areal for poliklinikk og dagbehandling. Ved å  flytte aktivitet frå 2. etasje og frå medisinsk sengepost til 1. etasje, frigjer ein areal for å utbetre areala i 2. etasje inkl. etablering av ei samla og funksjonell dagkirurgisk eining.
  •  I neste fase må det i sengepostane leggast til rette for færre fleirsengsrom og fleire isolat. Før detaljplanlegging av denne fasen, må helseføretaket ta stilling til kva for scenario som skal veljast i det vidare utviklingsarbeidet.

Les også: Bygningsmessig plan: Utkast klart for styringsgruppa

Ålesund sjukehus
Når det gjeld Ålesund sjukehus, har prosjektgruppa for bygningsmesseg utviklingsplan tilrådd
scenario 3 for den somatiske verksemda og scenario 2 for psykiatrien. For psykiatrien vil det dermed vere mogleg å ev. lokalisere døgntilbodet for psykisk helse for barn og unge saman med vaksenpsykiatrien. Dette under føresetnad av at ei framtidig verksemdsmesseg vurdering gir slike konklusjonar.

Når det gjeld Ålesund sjukehus, har prosjektgruppa for bygningsmesseg utviklingsplan tilrådd
scenario 3 for den somatiske verksemda og scenario 2 for psykiatrien. For psykiatrien vil det dermed vere mogleg å ev. lokalisere døgntilbodet for psykisk helse for barn og unge saman med vaksenpsykiatrien. Dette under føresetnad av at ei framtidig verksemdsmesseg vurdering gir slike konklusjonar.

Også for Ålesund sjukehus tilrår ein ei stegvis utvikling av bygningsmassen basert på tilgjengelege investeringsressursar i planperioden og dei moglege løysingane som er skisserte i planprosessen:

  • I første fase følgjer ein scenario 3. Det inneber som første tiltak utvikling av akuttmottaket inkl. etablering av ein korttidspost. Element i denne fasen vil vere bygging av ny operasjonsavdeling i aust, flytting av intensiv inn i dagens operasjonsavdeling mv. , samt ny hovudtilkomst med tilhøyrande areal mot nord.
  • I neste fase (kan eventuelt kome før ny operasjonsavd. og/eller ny hovudtilkomst) må det leggjast til rette for færre fleirsengsrom og fleire isolat i sengepostane. Om dette skal skje i samsvar med scenario 3 eller i noverande sengepostareal (jf. C.F. Møller-planen), eller kanskje i ein kombinasjon mellom ulike løysingar, må vi ta stilling før detaljplanlegginga av denne fasen.