Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vil vere tett på økonomien

Nils Kvernmo er tidlegare adm.dir. i St.Olavs Hospital og nytt styremedlem i Helse Møre og Romsdal. Han understreka at sjølv om det ikkje ofte kjem fram i styremøta, så blir det levert veldig bra i pasientbehandlinga.

Publisert 16.03.2018
Styret, gruppebilde
Det nye styret i Helse Møre og Romsdal. F.v. Jan Arve Antonsen, Mikal Gjellan, Anette Lekva, May Helen Molvær Grimstad, Ingve Teodorsen, Nils Kvernmo, Bjarne Storset og Toril Forbord.

– Vi i styret har i oppdrag på å sjå på det som ikkje er bra, og den mest akutte utfordringa er driftsøkonomi-bildet i Helse Møre og Romsdal. Det er budsjettert med eit driftsunderskot på 86 millionar for 2018, og vi ser allereie eit underskot etter to månader. Vi kan ikkje la det halde fram. Hovudproblemet er lønn, og styret bør be om å få ei meir konkret plan for korleis dette skal handterast.

Innlegget blei fulgt opp av styreleiar som ønska ei tettare oppfølging og rapportering på dei fem houvdtiltaka som er skissert i budsjettet. Desse er sengepoststruktur inkl. intensivtilbod, optimalisering av operasjonsaktiviteten, reduksjon av intern rekvirering av lab prøvar og radiologi, reduksjon av kontrollar ved St. Olav og reduksjon av varekostnader.

– Eg ønskjer at administrasjonen kjem tilbake med informasjon på desse tiltaka i kvart møte, seier styreleiar Ingve Theodorsen og la samstundes fram eit forslag til nytt vedtakspunkt i saka.

Auke i inntekter, men høge lønnskostnadar

Regnskapstala for februar blei -2,5 samanlikna med budsjettet, til tross for at inntektene var 2 mill. høgare enn planlagt.  I hovudsak skuldast dette eit lønnsforbruk på 6,5 mill. meir enn budsjett. Grunnen til dette er ein auke i bemanning for februar månad, og veksten ligg i vikarar, innleige og ekstrahjelp.

– Det som bekymrar meg er at vi har ein auke i overtid. Dei tilsette har jobba mykje med å få ned overtid i 2017, men så langt i 2018 brukar vi meir enn samanlikna med 2016 og 2017, seier økonomidirektør Heidi Nilsen.

Bak kravet på ventetider

Status for februar viser at tal dagar pasientane i gjennomsnitt må vente på behandling ligg bak kravet både innan somatikk, psykisk helsevern for vaksne og innan psykisk helse for barn og unge. Det var 89 fristbrot i februar, noko som er ein svak reduksjon frå januar. Kravet er at det skal vere null brot på behandlingsfristar for pasientane som har rett på behandling. Ein gjennomgang i januar viste at heile 25% av dei registrerte fristbrota skuldast feilregistreringar. Helseføretaket er i eit arbeid med å standardisere arbeidsprosessen slik at tala blir riktige.

Les heile statusrapporten for februar her.

Vedtak i saka om statusrapporten

  1. Styret i Helse Møre og Romsdal tek statusrapport for føretaket pr utgangen av februar 2018 til orientering.
  2. Styret uttrykker uro i forhold til utviklinga innanfor bemanning og kostnadar, og ber adm. dir. konkretisere og rapportere status på tiltak knytt til kostnads- og bemanningsstyring på neste styremøte.

Oversiktsbilde frå styremøtet