Brukermedverknad i helsetenesta - realitet eller retorikk?
I eit nytt bokprosjekt har tilsette frå Helse Møre og Romsdal i samarbeid med fleire andre samla kunnskap og erfaringar knytta til brukarmedverknad. Boka vert presentert under ei digital boklansering på Forskningsdagane fredag 18. september, korte åtte forskingsrelaterte bidrag blir presentert via video kl 10-12
Pasienten si helseteneste er politikarane si målsetjing. Korleis er røynda?
Tjue år etter at pasientar og pårørande fekk styrka retten til informasjon og medverknad gjennom pasient- og brukarrettslova, er det tid for å analysere korleis brukarmedverknad fungerer i praksis.
Fortsatt utfordringar for å gjennomføre dei gode intensjonane
- Det er fortsatt manglar innan brukermedverkand, forfattarane ønskjer å sette fokus på kor viktig det er med brukermedverknad for utvikling av tenestene, seier fagdirektør i Helse Møre og Romsdal. Han er medforfattar av boka og håper innhaldet vil sette fokus på nokre av utfordringene ein møter og vise ulike aspekt ved brukermedverknad både på system- og individnivå.
Stolt av samarbeid
Forfattarane er forskarar, helsepersonell og brukarrepresentantar i helseteneste. Boka er eit resultat av samarbeid mellom forskarar knytt til Helse Møre og Romsdal HF, Helse Nord-Trøndelag HF, Folkehelseinstituttet, NTNU, Universitetet i Oslo og Mittuniversitetet i Sverige. -Eg er stolt av det gode samarbeidet mellom institusjonar og forskrgrupper, seier forskingssjef i Helse Møre og Romsdal HF, Berit K. Teige.
– Boka er gratis å lese på nett, og er eit bidrag til å samle kunnskap og erfaringer knytt til brukermedverknad i helsetenesta, seier Kvangarsnes, som fortel at bokprosjektet start for fullt for om lag eit år sidan.
Kvangarsnes er ein av forfattarane og professor i pedagogikk og sjukepleie ved NTNU, leiar for forskingsgruppa Helsetjenester i reformtid og har bistilling som forskingsrådgjevar ved Helse Møre og Romsdal HF.