Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forsking og innovasjon i helsetenestene

I fjor gjekk over éin milliard regionale forskingskroner til forsking og innovasjon i helseføretaka landet, og det er kreftforsking som er det klart største området.

Publisert 09.06.2020
Sist oppdatert 18.08.2023

Bent Høie

Rapporten er den sjuande i rekka og blei overrakt helse- og omsorgsminister Bent Høie i eit videomøte fredag 29. mai.

Rapporten Forskning og innovasjon til pasientens beste, Nasjonal rapport fra spesialisthelsetjenesten 2019 er laga på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet. Rapporten er den sjuande i rekka og vart overrakt helse- og omsorgsminister Bent Høie i eit videomøte fredag 29. mai.

Statsråden trakk fram det gode arbeidet som vert gjort innan forsking og utvikling i sjukehusa, både den auka brukarmedverknaden, auken i kliniske studier og mangfoldet i prosjekta landet over.

- Vi er inne i en spesiell tid som så tydelig viser oss kor viktig forsking og utvikling er. Eg vil nytte høvet til å takke for den imponerende innsatsen det er lagt ned for å koordinere og igongsette forsking på covid-19. Det er allereie sett i gong fleire studier og vi ser også ein stor grad av både nasjonalt og internasjonalt samarbeid. Dette er nyttig kompetanse og erfaring, med stor verdi både for pasienter og for helse- og omsorgstenestene, også etter koronakrisen, seier Bent Høie.

Helse Vest har, på vegne av dei regionale helseføretaka, koordinert arbeidet med rapporten for 2019.
- Prosjekta som vert presentert i rapporten viser noko av spennvidda i forskings- og innovasjonsaktiviteten på små og store sjukehsu rundt omkring i landet, seier fagdirektør i Helse Vest, Baard-Christian Schem. - I tillegg til kreftforsking er mental helse, hjarte- og karsjukdomar og hjerne- og nervesystem fagområde det blir forska mykje på. Og spesielt gledeleg er det å sjå at brukarane får delta i stadig fleire prosjekt.

Brukarane meir involvert
Rapporten viser at brukarane dei siste åra har fått langt større medverknad i forskinga i ssjukehusa.  I 2014 blei 20 prosent av dei regionale forskingsmidlane tildelt prosjekt med brukermedverknad. I 2019 var talet 75 prosent.
- Det er eit tydeleg signal om at brukarane sine stemmer i forskinga er viktig for gode helsetenester. Brukermedverknad bidreg til at brukaren sine perspektiv, behov og erfaringar blir reflektert i forskinga. Brukarar deltek, blant annet, i referansegrupper, forskingsnettverk og i forskingsgrupper, seier Schem.

Rapporten gir eksempel på forskarane sine ønske om å utvikle ein enda betre helseteneste for pasientane. I nokre av prosjekta som vert presentert er pasienten si stemme spesielt tydeleg, med ein klar bodskap om at brukarane sine bidrag i forskinga er viktig for gode helsetenester.

Forsking på ein god start
I rapporten vert 18 aktuelle prosjek frå spesialisthelsetenesta presentert. 
Fleire av prosjekta er knytta til fødsel og nyfødde, og viser blant anna forsking på setefødsel, gjenoppliving av nyfødde, oppfølging av mødre med bipolar liding, og korleis foreldre betre kan forstå barn som er fødd for tidleg.

Vitskaplege publikasjonar fortsatt opp
I rapporten vert nøkkeltal frå ulike kjelder presentert, for å gje eit meir heilskapleg bilete av innovasjons- og forskingsaktiviteten i helseføretaka. Tala viser at antall vitskaplege publikasjonar fortset å stige. I 2019 var talet 4 550, som er ei dobling frå 2008. Antalet avlagte doktorgrader går også opp og er no på like over 300 i året. Det er flest kvinner som publiserer og disputerer.  Det er også flest kvinner i nye ph.d.-stillingar, medan fordelinga mellom kjønna er tilnærma lik for postdoktor- og forskerstillinger.

I helseføretaka vert innovasjon mellom anna målt gjennom kommersialisering av idear gjennom TTO-ene. Ein jamnd auke i rapportering av innovasjonsprosjektet indikerer auka fokus på registrering og oppfølging.

Stipendiat og fødselslege i Helse Møre og Romsdal Solveig Bjellmo har fått nasjonal profilering av forskinga si om setefødsel li rapporten. Du kan lese om arbeidet hennar her

Les heile rapporten
Mer utdypende informasjon også finnes i RHF-enes forskningsportal