
Ålesund sjukehus tok imot dei første pasientane i januar 1971, og har sidan då tatt vare på pasientar og pårørande. 18. – 21. oktober feirer vi 50 års jubileet til sjukehuset med fleire foredrag i auditoriet og jubileumsutstilling ved hovudvestibylen og ved inngang nord.

Det blir også avduking av ein bildehistorisk vegg inne på sjukehuset som fortel historia til sjukehuset; frå ei sjukestove på loftet til fattighuset i Ålesund, via gamlesjukehuset i Klipra til bygginga av sjukehuset på Åse og dei ulike utvidingane som har skjedd sidan.
Foredraga er åpne for publikum og blir holdt i auditoriet. Det er eit begrensa antall plassar, så vi ber om at ein nyttar lenkene under til påmelding, men det er også høve til å komme utan å registrere seg. Vi kan då ikkje garantere plass. Vi ber også om at besøkande nyttar inngangen ved hovudvestibylen – inngang sør.
Det er også mogleg å følge foredraga via Teams/Internett. Lenke til direktesendinga finn du også under kvart arrangement.
JubileumsprogramMandag 18. oktober - Kl. 18.00- Åpning v/adm dir Øyvind Bakke
- Bygginga av Ålesund sjukehus. Torolv Dalheim/Mona Aagaard-Nilsen
- Skjulte kunstskattar på sjukehuset. Ørnulf Opdahl/Egil Korsnes
PåmeldingSjå opptak av direktesending Tirsdag 19. oktober - kl. 18.00- Barneavdelinga si utvikling, og framskritt innan oppfølging av premature barn. Ove Økland/Ann-Iren Vartdal
- Kva skjer med helsetenesta i åra framover? Torstein Hole
PåmeldingSjå opptak av direktesending Onsdag 20. oktober - Kl. 18.00- Utviklinga og tilbodet innan psykisk helsevern dei siste 50 åra. Åse Roland/Marianne Klokk
- Utviklinga av sjukepleiartenesta ved sjukehuset. Samtale med Astrid Ahrens, Kirsti Sørdal og Ann-Helen Tryggestad Arthur
PåmeldingSjå opptak av direktesending Torsdag 21. oktober - Kl. 18.00- Legelivet som historiekjelde og utviklingsobservatør. Odd Roe Skogen
- Nye-sjukehuset tas i bruk. Innvikling. Utvikling. Refleksjonar. Jan Emil Standal
PåmeldingSjå opptak av direktesending