Mastergrad / Klinisk studie

Meir treffsikker strålebehandling ved å styre pusten til pasienten?

Stråleterapeut ved Kreftavdelinga i Ålesund, Siri Tessem Mørkeset, tok nyleg mastergrada si i biomedisin ved OsloMet. I mastergrada har ho gjennomført ein klinisk studie der ho har undersøkt om lungekreftpasientar kan halde pusten under strålebehandling for å bidra til at stråledosar til friskt vev blir redusert, samtidig som stråledosar til svulsten er uendra.

Inspirasjon frå brystkreftpasientar

Ved Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i HMR blir såkalla pustestyring allereie brukt rutinemessig for pasientar med brystkreft. Dette blir gjort for å redusere strålinga som treffer andre organ, som til dømes hjartet. Christer Jensen, som har vore Mørkeset sin hovudrettleiar, tok i 2018 doktorgraden sin på dette emnet. Stråleterapeut Mørkeset ønskte etter kvart å undersøkje om andre pasientgrupper kunne ha tilsvarande nytte av metoden, og då tema for masteroppgåve skulle veljast baud moglegheita seg for å fordjupa seg i dette.

Pasientgruppa Mørkeset har undersøkt er pasientar med lungekreft. Noko av det første Mørkeset og kollegaene ville undersøkje var om desse pasientane– som ofte har ein dårlegare lungefunksjon enn friske – faktisk ville klare å halde pusten lenge nok. Pustestyrt strålebehandling krev at pasienten fleire gangar må klare å halde pusten i minst 20 sekund. I tillegg ønskte ho å finne svar på om pustestyring hos denne pasientgruppa ville gi fordelar med tanke på redusert stråling til organ som ligg rundt kreftsvulsten i lungene.


Lokalt samarbeid og rettleiing

Mørkeset har hatt med seg hovudrettleiar Christer Jensen og birettleiar Christoffer

Siri Tessem Mørkeset

Stråleterapeut ved Kreftavdelinga, Ålesund sjukehus, Siri Tessem Mørkeset.

Lervåg i planlegginga og gjennomføringa av studien. Stråleonkolog Tatiana Abramova har hatt det medisinske ansvaret for pasientane, og stråleterapeutane Ove Fremsæter og Nils Skottner har vore med heile vegen og utarbeidd doseplanar. Samanlikningar av doseplanar for pasientar som har gjennomført behandlinga i fripust er det Mørkeset sjølv som har stått for.

-Eg har opplevd at heile avdelinga har vore interessert og støttande til studien, sjølv om det har medført ein del ekstraarbeid, fortel Mørkeset. - Vi har vore heilt avhengige av samarbeid og velvilje frå alle stråleterapeutar, fysikarar og legar i seksjonen, og det har gått veldig bra!

 

Lungekreftpasientane klarte seg godt i pustetestar

Det viste seg snart at det gjekk veldig bra med pasientane i pustetestane – dei tolererte det betre enn ein kanskje hadde antatt på førehand.

-Som ein del av evalueringa spurde vi pasientane om dei hadde opplevd pustetreninga som belastande, forklarer Mørkeset. Heile 20 av 21 pasientar som deltok i studien synest det hadde gått fint, utan å oppleve at det var veldig anstrengande. Dette legg eit godt grunnlag for moglegheita til å gjennomføra pustestyrt strålebehandling for lungekreftpasientar òg etter studien.

Det er få tilsvarande undersøkingar for lungekreftpasientar - det finst nokre studiar som har brukt andre teknikkar og verktøy for pustetrening, men dei har stor sett gjort undersøkingane i samband med eldre strålebehandlingsteknikkar. Det er éin studie[1]  som kom ganske nyleg som kan samanliknast noko med Mørkeset sin studie, og denne viser òg at lungekreftpasientane tolererte pustetreninga godt.

Korona førte til fjernstudie

Mastergraden som Mørkeset har tatt tilbys ved OsloMet – men på grunn av koronaepidemien vart nesten all undervisning gjennomført digitalt – ho har berre deltatt på ei fysisk samling. Mørkeset skryter av universitetet; - Det var eit veldig godt og strukturert undervisningsopplegg – dei hadde opponentordning på alle seminar, gode førelesningar m.a. på innovasjon og entreprenørskap og det virket som førelesarane har vorte godt vant til å halda digitale førelesningar på ein måte som gjer at studentane får mykje ut av det.

Christer Jensen og Siri Tessem Mørkeset

Hovudrettleiar Christer Jensen og ferdig mastergradskandidat Siri Tessem Mørkeset.

Også rettleiinga har i stor grad føregått digitalt – på Skype, sjølv om rettleiarane er lokale. Dette har fungert heilt supert meiner Siri.

Hovudrettleiar er enig; - Digital rettleiing fungerte utmerkt; det gav struktur og enkel deling av informasjon på skjerm. Gjennom vekentleg rettleiing i siste fase gav det føreseieleg progresjon, og det var òg enklare å finna tid i hektiske periodar, seier Christer Jensen.

Resultat frå studien kjem til nytte i avdelinga

Mørkeset jobbar for tida med å omarbeida masteroppgåva til ein vitskapleg artikkel som forhåpentlegvis skal publiserast i løpet av året, ein del av resultata er derfor for tidleg å omtala.

Men lokalt i avdelinga kjem allereie resultata til nytte, dei jobbar vidare med desse og har òg stor tru på at andre kreftavdelingar vil ha nytte av det dei har funne ut når det blir offentleggjort.

Undervegs i forskingsarbeidet har det dukka opp nye spørsmål som Mørkeset meiner det kan vera interessant å gå vidare med. Heile arbeidsprosessen fall veldig i smak, ho ser nytten av å arbeide med forsking og vil gjerne jobba vidare med tematikken.

 – Personleg synest eg at eg har lært enormt mykje av denne prosessen, både frå det tverrfaglege og det å fordjupa seg i ein tematikk. - Det har vore veldig givande, avsluttar Mørkeset.


 

Fotnote;
[1] https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/31544478/