Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

I forskingsfront

Norske studiar kan endre leddgiktsbehandling

Revmatologisk avdeling i Ålesund har i over 10 år bidrege i fleire store multisenterstudiar, og har på denne måten gitt sine pasientar moglegheita til å ta i bruk nye behandlingsmetodar. No har to av studiane, Arctic Rewind og Nor-Drum, fått sine resultat publisert i det svært anerkjente tidsskriftet JAMA.

Publisert 12.05.2021
Sist oppdatert 11.05.2023

Forskingsaktiv avdeling
Overlege Maud-Kristine Aga Ljoså er medforfattar på begge studiane (Nor-Drum og Arctic Rewind), mens overlege Hallvard Fremstad er medforfattar på Arctic Rewind, begge legene i kraft av å vere lokale hovudutprøvarar på respektive studiar. Nasjonal hovudutprøvar i Norge har vore revmatologisk avdeling på Diakonhjemmet.

- I vår avdeling har vi over lang tid – 11 år – hatt fokus på å delta i store, nasjonale studiar på vårt felt, fortel Aga Ljoså. Vi er stolte over at vi har vore viktige bidragsytarar til desse studiane, og vi må sjølvsagt rosa Diakonhjemmet som har stått i bresjen for dei fleste av dei.

I desse  åra har resultata frå studiane vore publiserte i fleire store internasjonale tidsskrift som BMJ (Arctic og Nord-Star), Lancet (Nor-Switch), Annals of Rheumatic diseases og no sist i JAMA.

- Medforfattarskap er eit viktig og kompetansefremmande arbeid, og når studiar blir publiserte i særs anerkjente medisinske tidsskrift med mange lesarar, blir Ålesund og HMR sett på kartet både i nasjonal og internasjonal forskingssamanheng, seier Fremstad.

Nordrum og arctic team

Studieteamet: Hallvard Fremstad, Maud-Kristine Aga Ljoså og Hanne Ødegård.

HMR er det studiesenteret som, trass avgrensa pasientgrunnlag samanlikna med andre studiesenter i Noreg, har inkludert flest pasientar til leddgiktsstudien Arctic Rewind, utanom Diakonhjemmet.

- Slikt blir lagt merke til nasjonalt og gjer HMR til ein attraktiv samarbeidspartnar for multisenterstudiar, seier forskingssjef Dag Arne L. Hoff. Regjeringa har i den ferske handlingsplanen for kliniske studiar bestemt at fleire studiar skal gjerast tilgjengeleg for pasientane. Det Revmatologisk avdeling har gjort over tid på forskingsfronten er eit flott døme til etterfølging for andre!

Pasientane nøgde med studiedeltakinga
-Vi synest det er eit gode at mange av pasientane våre får tilbod om deltaking i kliniske studiar, poengterar Ljoså. Dei fleste er veldig fornøgde med å delta og inntrykket er at det går ekstra bra med desse pasientane seinare, i forløpet av det som er ein kronisk sjukdom. På grunn av studien, får dei tett oppfølging i starten, blir trygge på sin eigen sjukdom og opplever god mestring.

-Ei stor takk til alle pasientane våre som har bidratt i begge studiane! I tillegg til optimal oppfølging for kvar enkelt studiepasient trur vi òg det må vera tilfredsstillande å vita at ein har bidrege til auka kunnskap i faget revmatologi, seier Fremstad.

Studiedeltakinga gir i tillegg eit løft for avdelinga fagleg; - Vi får bli med i diskusjonar om protokoll og  deltar på nasjonale studiemøte, fortel Ljoså. Vi adopterer behandlingsstrategiane frå studiane når vi ser det verkar, til nytte for dei andre pasientane våre.

Legane vil også rette ei stor takk til studiesjukepleiar ved avdelinga, Hanne Ødegård. Med sin bakgrunn og erfaring frå Rikshospitalet, bidreg ho med heilt avgjerande innsats i studiane.

- Ødegård er limet og koordinatoren for alle studiane avdelinga har vore involvert i. Utan ein dyktig studiesjukepleiar er det ikkje mogleg å bidra slik vi har fått gjera, understrekar Ljoså og Fremstad.


Nor-Drum: skreddersy medisindosar for leddgiktspasientar?
Revmatologar, gastroenterologar og hudlegar har lenge diskutert om ein skal gi same dose av infliximab og andre biologiske legemiddel til alle, eller om ein skal justere dosen basert på blodnivået hos kvar enkelt pasient. I Nor-Drum-studien (The NORwegian DRUg Monitoring study) studerte ein denne type skreddarsydd behandling. Studien er den første randomiserte kontrollerte studien innan dette feltet, og det viste seg at skreddarsydd behandling ikkje er nødvendig for å oppnå god effekt av infliximab i oppstartsfasen. Det står igjen å sjå om skreddarsydd behandling med TDM er nyttig under vedlikehaldsbehandling med infliximab. Dette skal forskarane sjå på i del 2 av studien.

Les meir om resultata på Diakonhjemmet sine sider.

Link til publikasjonen i JAMA:
Effect of Therapeutic Drug Monitoring vs Standard Therapy During Infliximab Induction on Disease Remission in Patients With Chronic Immune-Mediated Inflammatory Diseases - A Randomized Clinical Trial


Arctic Rewind: mogleg å redusere behandling for symptomfrie?
Moderne behandling gjer mange leddgiktspasientar meir eller mindre symptomfrie over lang tid, men ein har ikkje visst i kva grad det er mogleg å redusera behandlinga utan at dei får oppbluss av sjukdommen.

I Arctic Rewind-studien ble ei pasientgruppe på 160 personar delt i to - der den eine gruppa halverte behandlinga og den andre gruppa fortsette med uendra behandling. Etter eitt år så ein at 26 % av deltakarane som halverte behandling hadde hatt ein klar sjukdomsforverring i løpet av oppfølginga, medan berre 6 % i den stabile gruppa hadde hatt oppbluss av sjukdommen

Resultata gir ny kunnskap om korleis leddgikt skal behandlast, og gjer at lege og pasient saman har betre moglegheit til å vurdera i kva grad ein skal freista å redusera behandlinga hos den enkelte pasienten.

Les meir om resultata på Diakonhjemmet sine sider

Link til publikasjonen i JAMA:
Effect of Half-Dose vs Stable-Dose Conventional Synthetic Disease-Modifying Antirheumatic Drugs on Disease Flares in Patients With Rheumatoid Arthritis in Remission -The ARCTIC REWIND Randomized Clinical Trial