Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

DOKTORGRAD

Ny kreftsjukdom etter behandling for prostatakreft

Overlege ved Kreftavdelinga, Ålesund sjukehus, Bjørg Aksnessæther, disputerte 26.november 2021 med sin phd-avhandling: «Ny kreftsjukdom etter behandling for prostatakreft» Disputasen kunne følgast digitalt.

Publisert 10.11.2021
Sist oppdatert 23.03.2022
Bjørg Aksnessæther
Bjørg Aksnessæther


----
Sekundær kreft – kva er det?

Sekundær kreft (ny kreftsjukdom etter første kreftsjukdom) er eit aukande helseproblem. Dei viktigaste årsakene er auka forventa levealder og auka levetid etter første kreftsjukdom. Sekundær kreft kan m.a. skuldast genetisk disposisjon, livsstil og tidlegare behandling. Det er kjent at stråleterapi kan gi stråleterapi-indusert kreftsjukdom, men graden av auka risiko er debattert.

Prostatakreft og risikoen for sekundær kreft
Prostatakreft er den vanlegaste kreftforma hos norske menn og om lag 5000 får denne diagnosen årleg. Mange pasientar med prostatakreft får behandling med stråleterapi.  Sjølv om gjennomsnittleg alder ved diagnose er 70 år,  vil ein stor del av pasientane leve i mange år. Ved 70-års alder har norske menn 15 år forventa levetid. Sekundær kreft er derfor ei aktuell problemstilling også for denne pasientgruppa.

Ph.d.-arbeidet er basert på tre studiar som har undersøkt sekundær kreft etter behandling for prostatakreft, med særlig fokus på sekundær kreft etter stråleterapi. Det er brukt data frå kreftregisteret i alle studiane.

Ingen auka risiko ved førebyggande strålebehandling mot brystkjertlane
I den første studien blei det undersøkt om pasientar som hadde fått førebyggande strålebehandling mot brystkjertlane for å unngå gynekomasti (ein biverknad av hormonbehandling) hadde auka risiko for brystkreft. Det vart ikkje funne auka risiko for brystkreft, noko som er tryggande då ein her brukar stråling mot ein godarta tilstand.

Auka risiko for urinblærekreft og endetarmskreft
I andre og tredje studie undersøkte Aksnessæther om strålebehandling mot prostata gir auka risiko for sekundær kreft. Den andre studien inkluderte nesten 25 000 norske menn som hadde fått helbredande behandling for prostatakreft. Samanlikna med normalbefolkinga, hadde pasientane som hadde fått stråleterapi nesten 30 % og 40% auka risiko for urinblærekreft og endetarmskreft. Samanlikna med pasientar som var operert for prostatakreft hadde dei strålebehandla pasientane nesten 50 % auka risiko for endetarmskreft og om lag dobla risiko for urinblærekreft. Det er viktig å vere merksam på at funna delvis kan forklarast av seleksjon av dei friskaste pasientane til operasjon.  I den tredje studien brukte Aksnessæther data frå pasientar som var med i ein tidlegare studie (SPCG-7). SPCG-7 studien randomiserte mellom hormonbehandling og hormonbehandling + stråleterapi som behandling for lokalavansert prostatakreft. Etter ei oppfølgingstid på over 12 år viste Aksnessæther sin studie at dei strålebehandla pasientane hadde to og ein halv gong auka risiko for urinblærekreft samanlikna med dei som kun fekk hormonbehandling.

Ingen grunn til å åtvare mot stråling for prostatakreft
Sjølv om studiane viser auka risiko for kreftsjukdom etter stråleterapi, finn vi ingen grunn til å åtvare mot stråling som behandling for prostatakreft. Stråleterapi er effektiv behandling mot prostatakreft og har vist auka overleving. Det er og viktig å understreke at den absolutte risikoen for å få sekundær kreft etter stråling er liten. Studie to viste ein auka risiko for urinblærekreft frå 2% til 4 % etter 15 år. Det er likevel viktig at legar som har oppfølging av pasientar som har fått stråling for prostatakreft er merksame på at sekundær kreft kan oppstå etter mange år. Pasientar som er tidlegare stråla og som opplever blod i urinen eller avføringa skal undersøkjast på vanleg måte.

Tid og stad:

Bjørg Aksnessæther

Bjørg Aksnessæther

Prøveforelesing:
Fredag 26.november kl. 10:15

Disputas:
Fredag 26. November kl 12:15

Originaltittel på avhandling:
Second cancers after prostate cancer treatment.

Tittel på prøveforelesning
Norsk: «Akutte bivirkninger og seneffekter etter moderne behandling for prostatakreft, og implikasjoner for oppfølging.»

Engelsk: “Acute - and late side effects after modern treatment for prostate cancer, and implications for follow-up.”

Disputasen vil bli sendt digitalt, link til pålogging blir annonsert på NTNU sine sider, senest på disputasdagen:
Bjørg Yksnøy Aksnessæther - Doktorgradsprøve 26. november 2021 ved Fakultet for medisin og helsevitenskap - NTNU

I Ålesund er også Auditoriet på hovudbygget booka, vi oppfordrar til å møte der og følgje disputasen derifrå saman med kollegaer.