Myelomatose er den nest vanlegaste blodkreften i Norge og rammar 470 nye pasientar årleg. Median overleving frå ein får diagnosen har auka dei siste tiåra, men er framleis berre 5-7 år. Pasientane opplever alvorleg sykelighet gjennom sjukdomsforløpet og det er derfor eit stort behov for ny og betre behandling.
Ei klinisk akademisk gruppe er eit samarbeid mellom klinikarar og forskarar ved alle helseføretaka i regionen, NTNU, brukarrepresentantar og industri.
Hensikta med samarbeidet er best mogleg behandling av myelomatosepasientene i regionen med ei rekke kliniske og translasjonelle forskingsprosjekt, skiping av Myelomatoseregisteret i Midt-Norge og eit eige undervisningsprogram om myelomatose i regionen for pasientar, pårørande, sjukepleiarar og legar.
Les meir om kva KAGen skal arbeida med her.
Formelt opningsseminar
Det vil vera ei formell opning av KAGen torsdag den 26. august klokka 13.-15.
Dette er ope for alle som er interesserte og innlegg vil vera tilpassa alle tilhøyrarar (pasientar og helsepersonell).
-for-myelomatose-/CAG%20myelomatose%20seminarprogram.png)
Alle som ønsker kan delta via følgjande lenke via Zoom:
https://NTNU.zoom.us/j/95245689003?pwd=cnBWZFdXbWhaQnZGTW5YODV1WHBXUT09 (Passcode: 183231)
Eller følgje livestream via vår Facebookside:
https://www.facebook.com/myelomatose