Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

SCR2021

Revmatologane i Ålesund arrangerer nordisk kongress for revmatologi

Endelig blir det høve til faglege treff igjen – og revmatologane er nokon av dei første som møtest når nordisk kongress går av stabelen i Ålesund over fire dagar frå 1. september.

Publisert 16.08.2021
Sist oppdatert 18.08.2023

​​

Liten seksjon i bresjen for stort arrangement

Den nordiske kongressen i revmatologi blir arrangert annakvart år og går på rundgang mellom dei fem nordiske landa, Noreg har dermed ansvaret kvart 10. år. Kongressen skulle vore halden i 2020, men vart som så mykje anna utsett eit år grunna pandemien. Revmatolog ved Seksjon for revmatologi i Ålesund, Maud-Kristine Aga Ljoså, er leiar av organisasjonskomiteen for kongressen, saman med fire andre overlegar frå Ålesund og tre kollegaer frå høvesvis Oslo Universitetssjukehus og Diakonhjemmet sjukehus.

-              Arrangementet blir vanlegvis plassert i hovudstadene i samarbeid med

Maud-Kristine Aga Ljoså

Maud-Kristine Aga Ljoså

universitetssjukehusa, så vi synest det er stor stas – og er veldig stolte over – at vi har fått ansvaret denne gangen, fortel Ljoså.

Det var Norsk revmatologisk forening som kontakta fagmiljøet i Ålesund med førespurnad om kongressen kunne arrangerast her. Den nasjonale foreninga har hatt mykje samarbeid med Seksjon for revmatologi i Ålesund i samband med kliniske studiar, og dei er dermed godt kjente med at det er eit sterkt revmatologifagmiljø her, sjølv om seksjonen er relativt liten.

Påmeldingane har strøymt på – no berre digitale billettar igjen

Grunna koronasituasjonen har det vore vanskeleg å anslå kor mange deltakarar som ville melde seg på, men arrangørane ser no at det har gått over all forventning. Det er godt over 500 påmelde som skal få med seg innlegg frå meir enn 90 foredragshaldarar frå inn- og utland – rundt 450 av deltakarane deltar fysisk.

Påmelding for fysisk deltaking er no stengd, men det er framleis opning for digital deltaking. Kongressen vil nemleg haldast som eit hybrid arrangement, der heile det faglege programmet vil bli tilgjengeleg på livestream. – Det er litt av ein jobb med køyreplanar for programmet sidan kvar av dei tre hovuddagane har tre parallellsesjonar og alt skal gjerast tilgjengeleg digitalt. Men vi har heldigvis med oss Lydkjelleren, eit lokalt firma, som tar ansvar for lyd og opptak, fortel Ljoså, som synest det er kjekt å kunna nytta lokale krefter til dette arbeidde.

I tillegg til organisasjonskomiteen er det òg etablert ein vitskapleg komité og arrangørane har òg god hjelp av eit kongressbyrå.

Tett fagleg program og spennande sosialt opplegg

Kongressen er eit stort arrangement, som startar 1. september med eit forkurs i biletdiagnostikk, deretter tre parallelle sesjonar på dagtid 2., 3. og 4.september.

Carina Skorpen, revmatolog ved Ålesund sjukehus og postdoktor ved NTNU er ein av dei ca 90 fo redragshaldarane som skal fortelja om fagfeltet sitt på kongressen. Skorpen held foredraget «Pregnancy in systemic lupus erythematosus: Practical management» som ein del av parallellsesjonen «Forskingsoppdateringar for klinikarar».

  • Det faglege programmet har vorte verkeleg bra, og vi har fått med oss mange sterke namn på programmet, fortel Ljoså. I tillegg legg vi opp til eit innhaldsrikt sosialt program, og det blir kjekt å få med kollegaer ut på tur i nærområdet, anten til fjells eller til sjøs. – Det blir flott å treffa kollegaer igjen, diskutera fag og få fagleg påfyll på denne måten igjen!

Nettsida til kongressen med program og påmelding til digital kongress: www.scr2021.no

--

Pasientretta arrangement i samband med kongressen

I samband med kongressen er det òg inngått eit samarbeid med Revmatikerforbundet i Møre og Romsdal, som vil arrangera ein temadag for pasientar torsdag 2. september, kl 10-15 på Teaterfabrikken.

Det vil bli foredrag på fire store tema i revmatologi; Spondyloartritt, artrose, leddgikt og SLE Lupus.

Sjå programmet og info om påmelding her:
Fire viktige tema – leddgikt, artrose, spondylitt og lupus | Norsk Revmatikerforbund

Organisasjonskomiteen

Bildet: Organisasjonskomiteen f.v: Hallvard Fremstad, Karen Irgens, Øyvind Molberg, Maud-Kristine Aga Ljoså, Espen Haavardsholm og Carina Skorpen. Ole Lianes var ikkje til stades då bildet vart tatt.