
Prosjektleiar og kirurg Erland Hermansen fortel til
Sunnmørsposten om fokuset for studien: ein tredel av alle over 60 år opplev å få aldersforandringar i korsryggen som fører til trong ryggmargskanal. Dette gir igjen smertar nedover beinet. Ein operasjon på sjukehus hjelper i dei fleste tilfelle. Men kva type operasjon er best? Ein som er veldig omfattande, eller ein som er mykje meir skånsam?
- Vi fant ikkje noko i forskinga som gav oss svar, forklarer Hermansen til journalisten – då byrja vi å snakka om å dra i gang ein studie på det.
Nordsten-studien er initiert, finansiert og leia frå Ålesund sjukehus. Det er heilt unikt, og viser at vi kan driva med forsking òg frå distrikts-Noreg, understrekar Hermansen.
Les heile saka i Sunnmørsposten her (betalingssak)
Sjå artikkelen som er publisert i the New England Journal of Medicine;
Decompression with or without Fusion in Degenerative Lumbar Spondylolisthesis (publ. August 5, 2021)
https://www.nejm.org/doi/full/10.1056/NEJMoa2100990