Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Første kontrakt signert for utbygginga ved Ålesund sjukehus

Aurstad Tunnel frå Ørsta har landa den første kontrakta knytt til utbygginga ved Ålesund sjukehus. Selskapet har inngått ei samspelskontrakt til forprosjektet for ny hovudadkomst.

Publisert 05.09.2022
Sist oppdatert 19.04.2023

En mann og en kvinne som står foran en bygning

Prosjektleiar Richard Øyre i Aurstad Tunnel og prosjektleiar Miriam Lande Kvalsvik i Helse Møre og Romsdal ved området til den nye hovudadkomsten for Ålesund sjukehus.


Ålesund sjukehus planlegg fleire store utbyggingar mellom anna knytt til nybygg og rehabilitering for akuttmottak, intensiv og operasjon. I tillegg skal sjukehuset få ny hovudinngang og ny hovudadkomst. Aurstad Tunnel AS har inngått ei kontrakt for ny hovudadkomst der ein i ei forprosjektfase skal arbeide i eit samspel med Helse Møre og Romsdal for å fastsette endelege konstruksjonsprinsipp, funksjonar og løysingar samt materialkvalitetar som kan realiserast innan ei kostnadsramme på 15-20 millionar kroner.
- Det er veldig kjekt å endeleg kome i gang med prosjektet. Ålesund sjukehus er over 50 år, og treng sårt modernisering. Første steg på vegen er arbeidet med ny hovudadkomst, seier prosjektleiar Miriam Lande Kvalsvik i Helse Møre og Romsdal, og legg til at dei er særs nøgde med å få Aurstad Tunnel med på laget i utviklinga av ny adkomst til sjukehuset.

Den nye hovudadkomsten skal kome på nordsida av sjukehuset og skal binde saman det nye kollektivpunktet på Borgundvegen med Ålesund sjukehus. I forprosjektfasen skal Aurstad Tunnel lede arbeidet med å utvikle området innan dei rammene som er gitt. Prosjektet består av forplass til ny hovudinngang, kyss og køyr, kortidsparkering, HC parkering, taxi- og sykkelparkering, og blir en del av å sikre universell adkomst frå kollektivknutepunkt på Borgundvegen.

- Vi er svært glade for denne kontrakta. Det er både spennande og interessant å bidra i utviklinga av området på og rundt Ålesund sjukehus. Vi ser no fram til eit godt prosjektsamarbeid med Helse Møre og Romsdal og Sykehusbygg, seier prosjektleiar Richard Øyre i Aurstad Tunnel.

Aurstad Tunnel er tradisjonelt ein maskin- og grunnentreprenør, men har over tid utvikla seg til totalentreprenør. Som totalentreprenør følger mellom anna ansvar for både prosjektering og utføring av løysingar for alle fagområda i ei kontrakt.

Richard Øyre fortel at dei no er inne i ei samspelsfase/forprosjektfase med Helse Møre og Romsdal og Sykehusbygg, der dei har med Norconsult som rådgivar og ansvarleg prosjekterande føretak for ulike fagområde. Framover skal vi arbeide med vidareutvikling av forprosjektet og dette skal i første fase av kontrakten ende med leveranse av forprosjektrapport med kalkyler der alle funksjonar er kartlagde.

Omsynet til helse, miljø og tryggleik både inne på byggeplass og det ytre miljø utanfor byggeplass blir svært viktig når sjølve bygginga startar. Det skal vere full drift av sjukehusfunksjonane under bygging.
– Vi må planlegge godt, og det føresett involvering frå aktuelle interessentar som blir påverka av- eller skal bruke anlegget, seier prosjektleiaren i Aurstad Tunnel.

Etter at forprosjektet er gjennomført har Helse Møre og Romsdal anledning til å gå vidare med prosjektet saman med Aurstad Tunnel, eller å avslutte arbeidet. Endeleg byggevedtak må også godkjennast i styret til helseforetaket. Planlagt oppstart for byggearbeida er seinhausten 2022.