Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny CAG i Helse Midt-Norge - Ålesund sjukehus er med som partnar

Ny clinical academic group (CAG) i Helse Midt-Norge med mål om å sikre individtilpassa behandling for kreftpasientar ved å nytte kunstig intelligens (KI) som støtte i kliniske slutningar. Prosjektet UNICAN  (UNIte AI and CANcer) fekk CAG-status i 2023 tildelinga.

Publisert 18.11.2022
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Medisinsk fysikar Endre Grøvik, radiolog og førsteamanuensis Solveig Kristin Roth Hoff og patolog Camilla Nybø frå Ålesund sjukehus er blant dei sentrale medlemma i UNICAN CAG

Det regionale Samarbeidsorganet for utdanning, forsking og innovasjon i Midt-Norge har tildelt midlar og CAG-status til prosjektet UNICAN (UNIte AI and CANcer), med førsteamanuensis og overlege Marit Valla ved NTNU og St. Olavs Hospital som leiar og overlege og førsteamanuensis Hanne Sorger ved Sjukehuset i Levanger og NTNU som nestleiar.  

Ålesund sjukehus er partnarinstitusjon, med radiolog og førsteamanuensis Solveig Kristin Roth Hoff som leiar for ein arbeidspakke om brystkreft, medan patolog Camilla Nybø, medisinsk fysikar Endre Grøvik, lungelege Kjetil Roth og forskingssjef og førsteamanuensis Dag Arne Lihaug Hoff er sentrale støttespelarar. Andre nøkkelpartnarar er St. Olavs hospital, NTNU, SINTEF og Levanger sjukehus.  

«Vi ser fram til å kome i gang med dette viktige samarbeidsprosjektet» seier Solveig Kristin Roth Hoff. «Helse Midt-Norge har etablert CAGs for å styrke samarbeidet mellom helseforetaka og universitet og høgskuler i regionen. Gjennom UNICAN CAG håper vi dette gjer at vi får utvikla KI -verktøy som blir nyttige både i klinikken og til undervisning».  


Samandrag ​

I Noreg blei 35515 nye kreftpasientar diagnostisert og 10981 døde av kreft i 2020. Med ei aldrande befolkning, aukande kreftinsidens og moderne medisinar ventas det auka helseutfordringar og kostnadar knytt til kreft. Moderne kreftdiagnostikk skapar enorme mengder data frå svulsten og pasienten sjølv. Ei klinisk utfordring er å utnytte all denne informasjonen for å individualisere behandlinga for kvar pasient, med fornuftig bruk av helseressursar.  

Bryst- og lungekreft er viktige årsakar til kreftrelatert sjukdom og død. På tross av forbetra molekylær karakteristikk og bruk av biomarkørar, er det framleis vanskeleg å velje riktig type behandling til bryst- og lungekreftpasientar. Dermed vil nokon få biverknadar sjølv om dei ikkje har effekt av, eller behov for, behandling. Nokon pasientar som ville hatt nytte av behandling identifiseres ikkje ved hjelp av dagens metodar. Det er behov for nye måtar å predikere kliniske forløp meir presist, som eit steg mot ekte individualisert kreftbehandling.  
 
Digitaliserte vevssnitt gjer det mogleg å nytte KI til automatisk bildetolking. KI gjer det også mogleg å inkludere kliniske opplysingar og andre data, inkludert rikhaldige molekylære data i prediksjonsmodellar. Likevel nyttast KI i liten grad i klinikken, og man drar difor ikkje full nytte av dei rikhaldige dataene som samlast i diagnostikken. For å løyse desse utfordringane er det behov for ei ny regional organisering med ei sterk klinisk og tverrfagleg profil.    

UNICAN CAG sin visjon er å sikre alle kreftpasientar høve til individtilpassa behandling ved å nytte KI-verktøy i klinisk beslutningsstøtte. Dette skal ein oppnå gjennom tre arbeidspakkar: 

  • KI for forbetra prediksjon av klinisk forløp og prognose i brystkreft og lungekreft 
  • Undervising i digitalisering og bruk av KI for helsepersonell og medisinstudentar 
  • Gi trygg tilgang til digitale vevssnitt og KI-verktøy for klinikarar, forskarar, universitetslærarar og studentar.