- Det var stor interesse for oppdraget og vi mottok fem gode tilbod. Buksèr & Berging AS leverte samla sett det beste tilbodet og vi ser fram til å starte opp samarbeidet med dei, seier Lars Erik Sjømæling, klinikksjef for prehospitale tenester
Nye båtar
Kontrakten gjeld døgnkontinuerleg drift av to nye ambulansebåtar som skal brukast til ambulanseoppdrag, pasientreiser, transport av kommunalt helsepersonell og andre kommunale tenester. Ambulansebåtane er designa med høgt fokus på pasientkomfort og behandlingsfasilitetar i tillegg til å møta kravet om universell utforming. Båtane er 22,2 m lange, 7,5 m breie har ein toppfart på 30 knop.
Kontrakten har varigheit på 8 år rekna frå oppstarten og Helse Møre og Romsdal har forlenge avtalen med inntil 2 år, slik at maksimal samla avtaleperiode er 10 år.
- Vi er stolte og audmjuke over å ha vunne kontrakten og ser fram til godt samarbeid med Helseføretaket, seier Ida Rist-Maastad i Buksèr & Berging AS