
F.v Johanne Gryt, Georg Johnsen, Carina Myhre, Johan Kippervik og Øyvind bakke
Fødeavdelinga i Kristiansund har vore stengt sidan februar i fjor grunna
mangel på fagfolk, og siden den gong har alle fødande på Nordmøre blitt sendt
til Molde sjukehus for å føde. 6. juni opnar føden i Kristiansund igjen.- Eg ønsker å berømme den store innsatsen for å få på plass fagfolk. Eg
trur det er få som forstår kor mykje arbeid som ligg bak dette i ein situasjon
med nasjonal og internasjonal mangel på både gynekologar og jordmødre, seier adm.
dir Øyvind Bakke.
Etter at to av legane nyleg fekk godkjent spesialiseringa i gynekologi, er
det no tilstrekkeleg med overlegar til å kunne gjenopne avdelinga som ein
5-døgnspost.
- Glad for å presentere dato
- Vi har jobbet lenge med gjenopninga, og eg er glad for at vi no har kome dit at vi kan presentere ein dato for opning, seier
avdelingssjef Johan Kippervik.
5-døgnspost er ein driftsform der det vil bli tatt imot fødande frå mandag kl
08 til fredag kl 08. Barselavdelinga vil vere open heile veka, slik den er i
dag.
- I tida framover kan dei som fortsatt vil føde i Molde og heller bruke
barselavdelinga i Kristiansund få full anledning til det, seier Kippervik.
Før opninga 6. juni vil det bli gjennomført eit drøftingsmøte med tillitsvalde
om driftsforma.
- Viktig å trygge gravide
Det blir også lagt ut meir
detaljert informasjon på heimesida til Helse Møre og Romsdal.
- Vi vil sende ut utfyllande informasjon til kommunehelsetenesta og til dei
gravide. Det er viktig for oss at dei gravide kjenner seg trygg fram mot fødselen, seier seksjonsleiar Johanne Gryt.
- Vi veit at dei tilsette gleder seg veldig til å
ta imot dei fødande igjen og er veldig glad for at vi fekk til dette før
sommaren, seier klinikksjef Georg Johnsen.