Kunstig intelligens (KI) har dei siste åra gjort store framskritt innan helsevesenet og er spesielt godt egna til bruk innan radiologi. I november fikk ei gruppe ved Ålesund sjukehus over tre millionar kroner i støtte frå Helse Midt-Norge for å forske fram nye og avanserte KI-metodar som skal betre diagnostiseringa av pasientar med brystkreft.
Finn brystkreft automatiskProsjektet har fått navnet IMAGINE og blir leia av medisinsk fysikar Endre Grøvik som har jobba med kunstig intelligens i snart fire år.
- Målet med prosjektet er å utvikle KI-metodar som automatisk finn brystkreft på MR-bilete med høg nøyaktigheit, seier Endre Grøvik, og legg til at KI-modellane som blir utvikla vil mogleggjere ei omfattende analyse av MR-data i sanntid. Det vil vere til stor nytte for brystkreftpasientane fordi legane kan oppnå betre nøyaktigheit i sine vurderingar.

Biletet illustrerar korleis eit MR-bilete blir tolka av ei AI-algoritme som automatisk finn og markerar kreftsvulsten.
Sparer tidLegane er i dag svært gode til å diagnostisere brystkreft frå MR-bilete, men det er tidkrevande og omfattende arbeid å sjå gjennom MR-bileta. Samtidig har mange sjukehus ei stor produksjonsauke av medisinske bilete utan tilsvarande auke i radiologisk arbeidsstyrke. KI-verktøya som skal utviklast i IMAGINE-prosjektet kan brukast til å forbetre klinisk effektivitet, og dermed hjelpe legar å holde tritt med auka arbeidsmengde, samtidig som dei får meir tid med terapeutar til planlegging av behandling.
- Det tidsbesparande potensialet er enormt, og med dagens teknologi har vi tru på at KI-metodane frå IMAGINE-prosjektet kan gjere ein fullstendig gjennomgang av MR-bileta på under eitt sekund. Betre effektivitet vil også vere til fordel for pasientane i form av raskare klinisk forløp og tidligare diagnose, opplyser Grøvik
-Dette er berre byrjinga
Prosjektet markerer eit lite paradigmeskifte i Helse Møre og Romsdal kor kunstig intelligens blir eit satsningsområde og ein viktig del av radiologien i framtida. Pengane frå Helse Midt-Norge skal brukast til å tilsette ein doktorgradsstudent som skal jobbe i prosjektet fram til 2026.
- Dette er berre byrjinga på vår KI-satsing. Vi har mange dyktige forskarar og klinikarar i helseføretaket, og vi håpar å få med oss mange av desse på laget i framtidige prosjekt. Vi har stor tru på at forskinga vil gi eit betre helsetilbod til mange av pasientane i vår region, fortel Grøvik.
Grøvik har også samla eit stort arsenal av forskarar og klinikarar frå nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar. Prosjektet vil også nytte allereie eksisterande MR-bilete av brystkreftpasientar frå Akershus universitetssykehus og Stavanger universitetssykehus.
Utlysinga av doktorgradsstillinga vil antakeleg kome i starten av 2022.