
Ståle Hoff er klinikksjef for Klinikk psykisk helse og rus i Helse Møre og Romsdal.
Anskaffelsen er gjennomført av Helse Midt-Norge i samarbeid med Helse Møre og Romsdal. Pasientane vil bli henvist vidare frå helseforetaket til dei private leverandørene det er inngått avtale med. Dei nye avtalane vil gi økt kapasitet i løpet av kort tid.
- Det er positivt at det blir satsa meir på psykisk helsvern i vårt fylke, og vi ser fram til å ta avtalane i bruk, seier klinikksjef Ståle Hoff i Kllinkk for psykisk helse og rus i Helse Møre og Romsdal.
Hoff fortel vidare at det er forventa frå våre eigarar at vi skal samarbeide med private tilbydarar i utvikling av vårt teneste tilbod. Det at vi nå får en oppbygging av polikliniske spesialisthelsetenester innan psykisk helsevern er positivt for våre brukarar, og vi står betre rusta til å redusere ventetider og fristbrot. Vi har rekrutteringsutfordringar knytt til å få tak i nok personell, og det kan difor også vere rekrutterande at vi får enda fleire fagmiljø i fylket.
Fagdirektør Henrik Sandbu i Helse Midt-Norge seier at avtalene som er inngått vil sikre moglegheit for god behandling for pasientar med behov for spesialisthelsetenester. Omfanget i avtalane kan også aukast.
Det er Medi 3 i Ålesund og Unicare Norge i Molde som er valgt som leverandørar i Møre og Romsdal. Dette gjeld både for psykisk helsevern for barn og unge og psykisk helsevern for voksne. Avtalane trer i kraft frå 1. juli 2022.