
- Vi er veldig stolte av at vi er eit av dei fyrste helseføretaka som tilbyr pasientar screening av tjukktarmskreft. Vi har etablert tilbodet to stader i fylket, ved Ålesund sjukehus og Kristiansund sjukehus og våre spesialistar er klare til å følgje opp, seier administrerande direktør Øyvind Bakke
Nasjonalt program
For fyrste gong blir det etablert eit nasjonalt tarmscreeningsprogram i Norge. Dei siste 60 åra har førekomsten av tarmkreft i Norge tredobla seg, og Norge er i dag et av landa i verda med høgast førekomst av denne kreftforma, ifølge Kreftregisteret. Meir enn 4000 nye tilfelle blir oppdaga kvart år og i Norge er tarmkreft den hyppigaste kreftforma etter brystkreft , prostatakreft og lungekreft.

Sjukepleiar Inghild Standal og Faris Salman Majeed, overlege i gastroenterologi ved Ålesund sjukehus
-
Tjukktarmskreft har god prognose når ein oppdagar den tidleg. Problemet med denne forma for kreft er ein kan ha få symptom eller ingen symptom i starten. Tarmscreening har til hensikt å fange opp dei som elles kan gå oppdaga for lenge til at kreften let seg kurere, seier Faris Salmar Majeed, overlege i gastroenterologi (mage- og tarmsjukdommar) ved Ålesund sjukehus.
Les meir om HMR sitt tilbod
Testsett i posten
55 åringar vil få tilsendt informasjon og prøvetakingsutstyr i posten. Avføringsprøven blir sendt til analyse ved Akerhus universitetssykehus, der dei analysere mengden blod i prøva. Om prøva er positiv blir det sendt henvising til sjukehuset for undersøking med koloskopi.

Kristin Ranheim Randel, leiar ved tarmscreeningsseksjonen i Kreftregisteret og Ellen Melsom, overlege i gastroenterologi ved Kristiansund sjukehus
Omlag 60 av 1000 personer som blir testa får påvist blod i avføringa og blir henvist til koloskopi . Omlag halvparten av desse får påvist polyppar i tarmen. Det er utvekstar som er vanlege og som oftast godarta, men nokre få av desse kan utvikle seg til kreft.
– Ved funn av polyppar, blir desse fjerna. Deretter går ein til kontroll med gjentatte koloskopier, avhengig av hva slags type polyppar det er. Om det er kreft, henviser vi til kirurgi og tek undersøkingar og det som er vanleg, seier Ellen Melsom, overlege i gastroenterologi ved Kristiansund sjukehus