Ungdommar med spiseforstyrring treng familiane sine for å bli friske

Spiseforstyrring er ein av dei mest alvorlege psykiske lidingane. Antall pasientar aukar, også alvorlegheitsgraden. - Difor set vi no i gang med fleirfamiliegrupper i behandlinga, seier familieterapeut Kristin Silseth i Helse Møre og Romsdal.

Publisert 13.12.2022

En gruppe kvinner som poserer for et bilde

Behandlarar ved avdeling for psykisk helsevern barn og unge i Molde. F.v. Linda M. Jensen, Kristin Silseth, Monica Eide, Anette Rust og Oda Hermann.


​​Ved poliklinikken for psykisk helsevern for barn og unge i Molde har ein sett i gang med fleirfamiliegrupper i behandlinga av pasientar med spiseforstyrringar for å styrke tilbodet til denne pasientgruppa i fylket. Spiseforstyrring er ei alvorleg psykisk liding som ofte oppstår i ungdomstida, og difor er familien særs viktig i behandlinga. Grunntanken er at familier hjelper familier.

-  Ungdommar med spiseforstyrring treng familiane sine for å bli friske. Ofte er det både strevsamt, einsamt og altoppslukande å ha ei spiseforstyrring, og mange familiar kan oppleve seg isolert. Å møte familiar i samme situasjon for å dele erfaringar og gi kvarandre råd, åpnar ofte opp for nye løysingar, seier familieterapeut Kristin Silseth i avdeling for psykisk helsevern barn og unge i Molde.

Tilbodet som er sett i gang i Molde, og som er for pasientar i heile fylket, legg opp til at 5-9 familiar møtast fleire gonger over ein periode på 3-4 månader, deretter ein dag etter 5-6 månader. Alle familiane som deltek har ein ungdom med spiseforstyrring som går i behandling i sin lokale BUP poliklinikk.
- Vi jobbar samla som gruppe, men deler også opp i mindre grupper som mammagruppe, pappagruppe, søskengruppe og ungdomsgruppe, seier Silseth.

Silseth fortel vidare at det er ein fast struktur på samlingane der dei gjer ulike oppgåver saman. Det kan vere familieoppgåver, plenumsoppgåver, refleksjonsoppgåver og oppgåver i mindre grupper. Eit eksempel på ei oppgåve er å utforske korleis spiseforstyrringa har forandra familien.

Forskning syner at fleirfamileterapi, i tillegg til behandling i poliklinikk, har god effekt. I nasjonale retningslinjer er dette også den anbefalte behandlinga for denne pasientgruppa. Fleirfamilieteamet i Molde er tverrfagleg, og består av to overlegar, to familieterapeutar og ein psykologspesialist.