Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Film om spirometri heime for barn og ungdom

– Å ta målingane sjølv går ganske greit, fortel Jakob Garshol, som brukar spirometer heime. Lege Aleksander Ødven seier at heimespirometri gir eit bedre grunnlag for behandling og diagnostikk.

Publisert 01.12.2023
Sist oppdatert 07.02.2024
En gutt på fotballbanen
Jakob Garshol har astma og fortel om fordelane med heimespirometri.

Video om heimespirometri for barn og ungdom.

– Det er veldig nyttig å teste lungefunksjonen når situasjonar oppstår, for eksempel dersom barnet eller ungdommen kjenner seg tett i brystet etter aktivitet, fortel Aleksander Ødven, som er lege i spesialisering (LIS). 

Spirometeret blir kobla til ein app på telefonen. Deretter blir data frå spirometeret sendt til telefonen. Denne informasjonen blir også sendt til ein pc på sjukehuset. 

– Samanlikna med testar på sjukehuset ein gong i halvåret får vi meir og betre data. Dette gir oss eit bedre grunnlag for optimal behandling og diagnostikk, seier Ødven. 

En mann som skriver på en dataskjerm
Lege Aleksander Ødven får inn data til pc-en på sjukehuset frå spirometeret som Jakob brukar heime.

Filmen om heimespirometri er laga av HMR Nær. «Heime når du kan, på sjukehuset når du må» er tanken bak arbeidet med å gjere helsetenester tilgjengeleg heime. 

I filmen møter vi Jakob Garshol som har stor nytte av dette tilbodet.  

– Å ta målingane sjølv går ganske greit. Du må berre huske det. I det siste har eg gjort det kvar veke og då har eg det bedre.   

Mor til Jakob, Astrid Sørensen Garshol, bekreftar at heimespirometri er eit fantastisk hjelpemiddel når ein bur eit stykke unna sjukehuset.  

Ein anna fordel er auka kunnskap om eigen sjukdom og at det er lettare å huske på medisinen.  

 

HMR Nær

Heime når du kan - på sjukehus når du må. 

Les meir om satsinga HMR Nær
Noen få personer som arbeider på en datamaskin