Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Går digitalt for å nå alle pasientane

– Eg håpar at dette prosjektet kan inspirere til innovasjon for andre terapitilbod, seier Knut Asbjørn Ulstein, overlege ved BUP i Ålesund.

Publisert 20.10.2023
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Frå venstre: Lise Bae Andersen, Knut Asbjørn Ulstein, Bente Karin Hansen og Ragnhild Marken Seth.

For nokre pasientar kan reisevegen kvar veke til spesialisert behandling i Helse Møre og Romsdal vere på opptil tre-fire timar.  


– Det er ei stor utfordring at mange spesialiserte behandlingstilbod ikkje er tilgjengeleg på alle poliklinikkar på grunn av variabelt pasientgrunnlag og bemanning.  

Knut Asbjørn Ulstein er prosjektleder for det som blir kalla «We&We2U»:  

– Det unike med denne innovasjonen er hybridformatet: Behandlingstilbodet startar med ei konsentrert kurs- og terapisamling med oppmøte i ei helg og vidare spesialisert langtidsterapi digitalt. På denne måten forsøker vi å gjere spesialisert behandling tilgjengeleg for alle ungdommar i fylket som har krav på slik behandling, fortel Ulstein.  

Ifølge Nasjonal kompetansetjeneste for personlighetspsykiatri ved Ullevål (OUS) fins det truleg ikkje noko lignande i norsk eller nordisk samanheng.  

Fysisk oppmøte og digitale treff  

På den første samlinga, som var i slutten av september, deltok ni ungdommar frå dei fire poliklinikkane i fylket. Samlinga varte i tre dagar i løpet av ei helg.

– Ungdommane bidrog på ein fin måte til å inkludere kvarandre. Vi ga kunnskap om tilstandsbildet og hjelpte pasientane med å finne eigne målsettingar i ei trygg og engasjerande ramme som eit kurs, seier Ulstein.  

En mann med skjegg og hatt smilende
Overlege ved BUP i Ålesund og prosjektleder, Knut Asbjørn Ulstein 

Han møtte også foreldra gjennom ei web-gruppe etterpå og fekk gode tilbakemeldingar. 

–  Å samarbeide ansikt til ansikt med terapeutar frå Volda, Molde og Kristiansund er også veldig fint.  

Framover skal gruppa møtast kvar veke via videomøter i fire månader.

– Det blir spennande å følge gruppebehandlinga vidare dei neste fire månadane og sjå om vi lykkast med å halde på motivasjonen – og om ungdommane opplever at behandlinga er nyttig. Vi ønsker å jobbe vidare med finansiering og forskingssøknad og evaluere resultata i 2024 for å sjå korleis dette kan forbetrast og bli brukt som eit godt format for andre pasientgrupper, seier Ulstein.  

 

 

Les meir om digitale helsetenester på nettsida til HMR Nær

Person i ein sofa og helsepersonell frå PC-skjerm