Gode erfaringar med digitale helsetenester
Utover hausten vil det bli løfta fram eksempel på helsetenester som kan utførast digitalt. – Vi ønsker å vise at bruken av digitale helsetenester skapar verdi for pasientar og behandlarar, seier innovasjonsrådgivar Christer Jensen.
Begrepet digitale helsetenester kan virke vagt, men det handlar om å tilby det som fungerer best for pasientane. Når det ikkje er nødvendig å kome til sjukehuset kan pasientane få behandling eller oppfølging heime. Det kan gjelda delar av eller heile behandlinga. Dialogen og delinga av data mellom pasient og behandlar skjer digitalt i staden for fysisk oppmøte.
Deling av erfaringar
– For behandlar handlar det ofte om å ta ei aktiv stilling til kva som passar når; for kvar enkelt pasientgruppe eller pasient. Vi har no rundt 4000 pasientar i behovsstyrte helsetenester, og talet aukar. Vi ønsker også å løfte fram historiene slik at vi kan dele erfaringar med kvarandre internt i helseforetaket, seier Jensen.
Får raskare hjelp
Eit eksempel på dette er 124 pasientar med inflammatorisk tarmsjukdom (IBD) som får digital oppfølging. Målet er å korte ned ventetida for pasientane. Pasientane fyller ut eit digitalt eigenregistreringsskjema som helsepersonell følger opp. Ut frå behov blir pasientane sett opp på time eller kontakta. På denne måten kan ressursane brukast på dei pasientane som treng det mest.
Vil vise fram moglegheiter
– Framover ønsker vi å løfte fram innsatsen som blir gjort innan digitale helsetenester ute hos aktuelle fagområde i alle delar av helseforetaket. «Heime når du kan, på sjukehus når du må» er det som ligg til grunn for digitale helsetenester, seier Christer Jensen.
Les meir om digitale helsetenester på nettsida til HMR Nær