Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helse Møre og Romsdal i grøn beredskap

Bakgrunnen er en krevjande driftssituasjon med fulle sjukehus.

Publisert 02.01.2023
Sist oppdatert 04.01.2023

Gjennom heile romjula har det vore ei auka tilstrømming av pasientar. Både covid, influensa og RS-virus har gjort at sjukehusa er pressa på kapasitet. I tillegg har desse sjukehusa eit større tal ferdigbehandla pasientar som ventar på å bli tatt imot i kommunen.  


- No på nyåret går også planlagd verksemd som normalt, som ytterlegare forsterkar utfordringane. Ei auke i beredskapen betyr at vi i leiarlinja har ei tettare oppfølging av situasjonen, som gjer oss i stand til å raskt iverksetje tiltak om det blir behov for det, seier fagdirektør Erik Solligård.

For pasientane inneber beredskapen inga endring, og dei skal møte som normalt til sine avtalte timar. 

- Men vi oppmodar pårørande til å i størst mogleg grad avgrense besøk som ikkje er nødvendige på sjukehuset, då dette aukar risikoen for ytterlegare smitte. Unntak er besøk til kritisk sjuke eller døyande pasientar, samt partner til fødande, seier Solligård. 

Fagdirektør Erik Solligård

Fagdirektør Erik Solligård