HENT fekk kontrakten for å planlegge utbyggingane ved Ålesund sjukehus
Tirsdag signerte Helse Møre og Romsdal kontrakt med HENT AS for samhandling og vidare planlegging av hovudprosjektet knytt til akutt intensiv og operasjon (AIO) ved Ålesund sjukehus. Avtalen inneber at partane saman skal kome fram til gode løysingar innafor ramma til prosjektet.
Publisert 04.01.2023
Sist oppdatert 19.04.2023
Tilbodskonkurransen for nybygg og ombyggingar ved Ålesund sjukehus ble utlyst hausten 2022, og helseføretaket fikk fleire tilbod frå entreprenørar der Hent totalt sett kom best ut.
- Avtalen med HENT markerer ein viktig milepæl for utviklinga av Ålesund sjukehus. Med dette fortset vi planlegginga for å utbetre og modernisere sjukehuset, der sentrale akuttareal knapt har vore røyrt sidan det stod ferdig for 50 år sidan, seier administrerande direktør Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal.
Kontrakta med HENT er ein totalentreprise med integrert samhandling som omfattar forprosjekt med ein fase med samspel kor Helse Møre og Romsdal, Sykehusbygg og Hent skal detaljplanlegge AIO-prosjektet før ein kan gå vidare til gjennomføring. Dette arbeidet er planlagt ferdigstilt til sommaren 2023. Gjennom avtalen har entreprenøren HENT også opsjon på sjølve byggearbeida.
Prosjektet omfattar nybygg og rehabilitering for akuttmottak, intensiv og operasjon. I tillegg kjem nytt kardiologisk senter, PET/SPECT-senter og poliklinikk. Entreprenøren får også opsjon på oppgradering av ventilasjon i andre delar av bygningsmassen ved sjukehuset.
- Vi er utruleg takknemlege for tilliten, seier Sigve Hodneland regiondirektør Vestlandet i HENT. Sjukehusbygg er komplekse byggeprosjekt som stiller store krav til planlegging og utføring. HENT byggjer fleire sjukehus i Norge akkurat no og vi ser fram til å bidra til å gi pasientane og tilsette eit meir modernisert helsetilbod i Ålesund.
Forprosjektet er finansiert av opparbeidd eigenkapital i helseføretaket i 2020 og 2021. Før Helse Møre og Romsdal kan signere ein gjennomføringskontrakt og starte bygginga er ein avhengig av at søknaden om lån til prosjektet blir godkjent av Helse- og omsorgsdepartementet og at det føreligg positive byggevedtak både i styret i Helse Møre og Romsdal og i Helse Midt-Norge RHF.