Hjelper pasientar med seineffekter etter kreftbehandling

Ein av tre kreftpasientar utviklar ein eller fleire plager (seineffekter) etter kreftbehandling, og så mange som ein av fem får alvorlege plager. Kreftavdelinga ved Ålesund sjukehus har difor oppretta eit nytt behandlingstilbod for pasientar med dei alvorlegaste seineffektene.

Publisert 24.03.2023
En mann med briller

Onklog Jo-Åsmund Lund og teamet ved Kreftavdelinga i Ålesund tilbyr ei tverrfagleg totalvurdering av pasientar med seineffekter etter kreftbehandling.

​​​Poliklinikk for seineffekter ved Ålesund sjukehus ble etablert seinhausten 2022 for å hjelpe pasientar som har gjennomgått kreftbehandling og har alvorlege plager minst ett år etter behandlinga. Det kan vere både fysiske og psykiske plager, og gjerne også ein kombinasjon.
- Seineffekter etter kreftbehandling er gjerne komplekse slik at pasientane har lett for å havne mellom to stolar. For å hjelpe desse pasientane betre tilbyr vi ei tverrfagleg totalvurdering med eit team av fleire spesialistar, seier overlege Jo-Åsmund Lund ved kreftavdelinga i Ålesund.

Teamet som arbeider med seineffektpasientar består av kreftsjukepleiar, kardiolog, fysikalsk medisiner (rehablitering), barnelege, nevropsykolog og kreftlege. Planen er at tilbodet skal utviklast med fleire fagfolk etterkvart.
- For dei aller fleste vil det handle om ein eller to vurderingar hos oss i spesialisthelsetenesta. Det er få av våre pasientar som skal ha langvarig oppfølging frå oss. Den vidare oppfølginga skjer gjerne i den kommunale helsetenesta basert på dei funna vi har gjort, seier overlege Lund.

Pasientene som kjem til Poliklinikk for seineffekter er henvist frå sin fastlege. Tilbodet er retta mot alle dei som bur i fylket og har vore behandla for kreft, og kor det har gått minst ett år sidan kreftbehandlinga ble avslutta.
- Pasientar som har få eller moderate seineffekter får ofte eit godt tilbod i den kommunale helstetenesta. Dei pasientane vi behandlar har komplekse eller samansette problemstillingar som krev ei heilhetlig vurdering, fortel Jo-Åsmund Lund. 

Du kan lese meir om Poliklinikk for seineffekter her