Klar for ny hovudinngang ved Ålesund sjukehus
Helse Møre og Romsdal har inngått kontrakt med entreprenøren Peab K. Nordang for etablering av ny hovudinngang ved Ålesund sjukehus.
Publisert 26.05.2023
Sist oppdatert 31.05.2023
Ålesund sjukehus står foran fleire større utbyggingar og ombyggingar knytt til AIO-prosjektet (akutt, intensiv og operasjon) for at sjukehuset skal kunne levere eit framtidsretta og moderne helsetilbud til befolkninga i regionen. Første steg på vegen er å etablere ein ny hovudinngang.
- Vi i Peab K. Nordang sett stor pris på det gode samarbeidet vi har med Helse Møre og Romsdal og tilliten dei syner oss med tildelinga av ny kontrakt. Dei siste 3 åra har vi utført fleire utbyggingar/rehabiliteringar for helseforetaket. Vi er stolte av å få moglegheita til vere med på et så viktig og samfunnsnyttig prosjekt, seier distriktssjef Geir Rødseth i Peab K. Nordang.
I tida framover skal entreprenøren, saman med helseforetaket og Sykehusbygg, vidareutvikle forprosjektet gjennom ei kort optimaliseringsfase, deretter detaljprosjektering og bygging. Bygginga er planlagt å starte september 2023 om partane blir einige om pris og løysing.
- Vi ser fram til å få Peab K. Nordang med på laget i dette viktige arbeidet mot å skape eit moderne sjukehus for pasientane våre, seier administrerande direktør Heidi Nilsen i Helse Møre og Romsdal.
- Vi i Peab K. Nordang sett stor pris på det gode samarbeidet vi har med Helse Møre og Romsdal og tilliten dei syner oss med tildelinga av ny kontrakt. Dei siste 3 åra har vi utført fleire utbyggingar/rehabiliteringar for helseforetaket. Vi er stolte av å få moglegheita til vere med på et så viktig og samfunnsnyttig prosjekt, seier distriktssjef Geir Rødseth i Peab K. Nordang.
I tida framover skal entreprenøren, saman med helseforetaket og Sykehusbygg, vidareutvikle forprosjektet gjennom ei kort optimaliseringsfase, deretter detaljprosjektering og bygging. Bygginga er planlagt å starte september 2023 om partane blir einige om pris og løysing.
Bygginga av ny hovudinngang vil innebere at dagens poliklinikk inngang i nord blir stengt. Alle pasientar og besøkande må difor nytte inngangen i sør fram til planlagt åpning av ny inngang i april 2024.
Etablering av ny hovudinngang og adkomsttorg er første steget på vegen for å kunne sette i gang med dei andre utbyggingane i AIO-prosjektet. Når ny hovudinngang er på plass, kan ein starte ombyggingane i dagens hovudvestibyle til eit PET/Spect-senter og poliklinikkareal, og samstundes ta til på nybygget som skal huse akuttmottak og intensiv, og ombygging av operasjonsstuene ved sjukehuset. Dei sistnevnde tiltaka krev statleg lånefinansiering, og ei godkjenning og byggevedtak frå styra i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Norge.