Nyheiter 2023, Desentralisert legeutdanning
Klart for oppstart av legeutdanning i Ålesund til hausten
Med dette er NTNU i Ålesund, Helse Møre og Romsdal og Ålesund kommune offisielt klare for å ønskje dei første tredjeårs-legestudentane frå Trondheim velkomen til den desentraliserte legeutdanninga i Ålesund.

- I lag med NTNU i Ålesund og Ålesund kommune er vi glade og nøgde over å kunne tilby dette studietilbodet til hausten med mål om å bidra til auka rekruttering til Møre og Romsdal som helseregion og kapasitet på legeutdanninga i landet, fortel fagdirektør i Helse Møre og Romsdal, Erik Solligård.
Det desentraliserte studieløpet, betre kjent som NTNU Link, gir inntil 20 studentar som har fullført dei to første åra av medisinstudiet ved NTNU Trondheim moglegheit til å ta dei neste to åra av utdanninga i Ålesund. Sjukehuset Levanger har hatt dette studieløpet sidan 2018.

Studiemodellen som skal nyttast i Ålesund har fokus på studentaktiv undervising og nær pasientkontakt i realistiske situasjonar i sjukehus og kommunehelseteneste.
I september 2019 kom Grimstadutvalget med ein anbefaling om å auke talet plassar på medisinutdanninga i Noreg. Innføringa av desentralisert legeutdanning til Ålesund er dermed eit svar og tiltak som har som mål å auke denne kapasiteten.
Ønskjer studentane hjarteleg velkomen til Ålesund

Seksjonsoverlege HMR og prosjektleiar Solveig Roth Hoff (Foto: Petter Bjørklund/HMR)
- Vi har alle eit felles mål om å gi studentane eit best mogleg tilbod, og hos oss vil dei få motivasjon til å arbeide med faga ved hjelp av plenumundervising der dei har ei aktiv rolle og klinisk teneste med mykje pasientkontakt.

Instituttleiar ved Institutt for helsevitskap NTNU Ålesund, Svanhild Schønberg (Foto: Geir Mogen/NTNU)