Klart for parkeringshus ved Ålesund sjukehus
I slutten av 2025 får Ålesund sjukehus parkeringshus. Det er Sunnmøre Parkering som skal bygge og drifte parkeringshuset. Planlagt byggestart er februar 2024.
- Vi er svært glad for at kontrakta til parkeringshus endeleg er på plass, seier konstituert administrerande direktør Heidi Nilsen i Helse Møre og Romsdal. Vi har satt i gang arbeidet med bygginga av ny hovudinngang og det nye adkomstområdet ved Ålesund sjukehus.
Planlagt byggestart er februar 2024, og det er satt av 21 månader til byggetid. Parkeringshuset er dermed planlagt å stå ferdig mot slutten av 2025.
- Det er Sunnmøre Parkering som skal finansiere, oppføre, eige og drifte parkeringshuset gjennom ein konsesjonsavtale. Helseføretaket har stilt tomta til disposisjon ved ein festeavtale som løper i 50 år frå den datoen parkeringshuset står ferdig, seier prosjektleiar Frank Hide i Helse Møre og Romsdal.
Parkeringshuset skal gi ein tydeleg og inviterande adkomst til Ålesund sjukehus, og vil vere det første møtet med sjukehuset for dei fleste besøkande. Huset skal bidra til å knyte saman kollektivpunktet på Borgundvegen til den nye adkomsten og ny hovudinngang, og i tillegg gi godt over 600 parkeringsplassar.
- Vi er kjempefornøgd med å ha vunnet denne konkurransen. Vi trur dette blir ein flott tilvekst til området rundt sjukehuset, og bygget vil bidra positivt til utviklinga av området. Vi gleder oss til å levere gode tenester til helseforetaket sine pasientar og besøkande, seier dagleg leiar Roar Salen i Sunnmøre Parkering.
I utforminga av parkeringshuset er det lagt vekt på eit godt tilrettelagt miljø med klar intensjon om å gjere parkeringsanlegget til eit trygt og funksjonelt offentleg areal som kan brukast av flest mogleg, uavhengig av alder og funksjonsnivå, og til alle tider av døgnet. Det kjem fram i arkitektselskapet Margarida Pais Arkitektur sitt forslag til løysing.
I vestlig del av parkeringshuset vil det bli etablert ein universelt utforma passasje med heis og trapper som leiar frå kollektivpunktet i nord ned til det nye adkomstområdet og den nye hovudinngangen. Det blir etablert 30 HC-plassar på laveste plan med direkte gangforbindelse til torget. Det blir også eigne område for sykkelparkering innvendig i parkeringshuset til 35 syklar, og plass til 50 syklar utvendig langs sørfasaden mot adkomstområdet. I tillegg blir 30 parkeringsplassar innvendig tilrettelagt med ladepunkt for elbil. I all hovudsak blir parkeringsplassane i bygget avsett til besøkande, men det blir også reservert ein god del plassar for tilsette.
Sjølve bygget blir på 18.000 kvardratmeter og er foreslått med ei halvtransparent fasadekledning, i kombinasjon med nokre mindre glassfelt som synliggjer bygget sine funksjonar. Denne “slør”-virkninga vil gi ein visuelt avdempande fasade som også blir “bakvegg” til adkomstområdet.
Bygget er konstruert for mulig framtidig påbygg i høgda, til enten fleire parkeringsdekk eller anna areal.