Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Lærlingar fekk mykje kunnskap gjennom fasadeprosjektet

- Fasadeprosjektet har gitt meg mykje kunnskap, det er kjekt å seie at ein har teke del i eit så stort prosjekt. Det er eit viktig bygg, så eg har litt stoltheitskjensle av å være med på prosjektet, seier Jacob Giske, som var ein av lærlingane som har delteke på prosjektet.

Publisert 05.04.2023

En gruppe mennesker iført oransje jakker

f.v. Geir Roar Rødseth (Distriktssjef Peab K. Nordang) , Karoline Skylstad (Prosjektingeniør Peab K. Nordang), og lærlingane (oransje hjelmer) Jacob Giske, Mette Tennfjord Alnes og Markus Olaus Myklebust.

Lærlingar tok med seg mange kjekke erfaringar frå arbeidet sitt på fasadeprosjektet ved Ålesund sjukehus som vart ferdigstilt februar i år.

Fasadeprosjektet har vore eit byggjeprosjekt som har gitt sjukehuset fleire forbetringar, derav den mest merkbare – ein totalrenovasjon av fasaden på sjukehuset. Fasaden har fått eit meir moderne og imøtekommande utsjånad, men mykje arbeid har også gått bak fasadeplatene. Noko lærlingar fekk ta del i gjennom lærlingtida si i Peab K. Nordang.

En bygning med biler parkert foran

Ved Ålesund sjukehus er like over 15.000 kvadratmeter med fasadar rehabilitert og det er skifta 1.037 vindu.

Lærlingane beskriv lærlingperioda som kunnskapsrik og seier dei har fått mykje god erfaring. Dei har blant anna fått vore med å byte fasadeplater, vindauge og delar av taket blant mykje anna i byggjeprosessen.

- Peab K. Nordang er flinke til å gi oss ansvar. Som lærlingar står vi ikkje berre å kikka på, vi får lov å prøve ting sjølv. Det er veldig kjekt å få den tilliten, seier lærlingen Markus Olaus Myklebust. Han legg til at han fekk vere med på mykje nytt, noko han opplevde som lærerikt.

 - Vi var fleire lærlingar, og det var mange unge fagarbeidarar, noko som skapte eit veldig godt arbeidsmiljø, seier Myklebust vidare.

Lærte mykje om HMS
L
ærlingane beskriv helse, miljø og sikkerheit som sentralt i lærlingtida. Dette er særleg på grunn av den svært vertikale byggjeplassen med stilas på over 10 etasjar. Det var også ekstra omsyn å ta ettersom sjukehuset var i drift under byggjeperioden og sidan gamalt materiale frå den tidligare fasaden innehaldt PCB og asbest.

- Når det gjeld Peab K. Nordang blir alt teke omsyn til og dei tek alt veldig serøst. Det er null rom for feilmargin når det gjeld skade på personell noko eg synest er bra, seier Jacob Giske. Han legg til at om noko er problematisk seier dei frå og det blir teke tak i med ein gong.

- Vi vart premiert med blant anna pizza når vi oppnådde definerte mål som å registrere uønskte hendingar og rapportere problematiske forhold. Dette er eit førebyggjande tiltak sånn at vi ser farlege forhold før det skjer ei ulykke, seier lærlingen Mette Tennfjord Alnes.

Gjennom byggjeperioden har det ikkje vore alvorlege personskadar på byggjeplassen. Distriktssjef i Peab K. Nordang Geir Roar Rødseth understrekker viktigheten av HMS på byggjeplassen og seier,

- Vi setter alltid HMS først på byggjeplassen. Vi skal komme heim minst like frisk som når vi drog.

Gjennom fasadeprosjektet har også lynvernanlegg og fyrhuset ved sjukehuset vorte forbetra. Eit atrium på sjukehusområdet har også vorte oppgradert slik at tilsette og besøkjande kan nytte det i større grad. For offentlege anbod er det eit krav om at 7% av produserande timar er gjennomførte av lærlingar, i fasadeprosjektet har Peab K. Nordang brukt over 10%.

Tilrår byggebransjen
Lærlinga
ne er svært positive til val av yrkesveg og tilrår andre unge å vurdere byggjebransjen.

- Spesielt på ungdomskulen er det mange som ikkje får vite kva moglegheiter dei har. Yrkesfag blir kanskje sett litt ned på av unge, det synest eg er veldig dumt. Personleg synest eg at det er kjempeartig å jobbe praktisk og få bruke kroppen i staden for å sitja tre nye år på skulebenken, seier Markus Olaus Myklebust.

Geir Roar Rødseth skryter av lærlingane som har delteke på prosjektet og understreker viktigheita av lærlingar.
- Eg anbefaler alle uansett bransje å satse på lærlingar, dei er ein fantastisk ressurs, seier Rødseth og legg til at det er kjekt å jobbe i ei bedrift som prioriterer lærlingar.


I fasadeprosjektet ved Ålesund sjukehus er like over 15.000 kvadratmeter med fasadar rehabilitert. Totalt er det skifta 1.037 vindu og 2.837 kvadratmeter murvegg har blitt isolert og pussa med murpuss. 4.367 kvadratmeter med takflater er rehabilitert i prosjektet.

Vindsperreplater og utanpåliggande vindsperreduk er etablert for heile fasaden og veggane har fått ein ny natureloksert aluminiumsfasade som værhud. Bygningsmassen framstår no som mykje reinare enn før, og det er ingen miljø eller helsefarlege stoff i ytterveggane. Nye takflater, veggar med nye vindu og betre isolering gir ein godt isolert bygningsmasse med mindre oppvarmingsbehov og god energiøkonomi for helseføretaket.

Til saman er det brukt omtrent 160.000 arbeidstimar på prosjektet frå dei ulike entreprenørane med ingen alvorlege ulykker med personskadar. Ein har kun hatt mindre førstehjelpsskadar med opp til ein dag fråver. 

Prosjektet med sine ulike fasar starta i juni 2018 og vart sluttført i februar 2023.