Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kva gjer du i Helse Møre og Romsdal?

Leverer livsviktig utstyr

På sjukehuset i Molde arbeider Grete Horsgaard Eidem (56) som logistikkmedarbeider for å legge til rette for aktiv forsyning av varer frå sterillager og sentrallager på avdelingane.

Publisert 10.07.2023
Sist oppdatert 04.09.2023

En person i hvit frakk

Grete H. Eidem jobbar på sterillageret ved Molde sjukehus.

Saman med kollegaer skannar Grete avdelingenes lagerskapa med sterilt utstyr. Slik får dei oversikt over kva som manglar og kor det trengs påfyll. På dei største avdelingane, som operasjon og anestesi, kan det ta 45 minutt å skanne og få oversikt. 140 skuffer skal sjekkast tre gonger i veka. ​

Grete har 30 års arbeidserfaring frå møbelbransjen. Ho har jobba ved Molde sjukehus som logistikkmedarbeidar sidan 2015. 

– Det er mykje som er likt, men det er færre tunge løft i denne jobben. Eg visste ikkje at det fantes sterillager før eg søkte på denne jobben. Oppgåvene går stort sett ut på å gi sørvis til avdelingene, halde orden og lage gode system.


God dialog med avdelingane

På lageret er det rundt 1200 varer. Dei siste åra har pandemien og etterdønningane ført til mange utfordringar med tanke på å få tak i det som trengs. 

– Det kan vere erstatningar for erstatningane. Då stemmer ikkje alltid antalet i ei forpakning, og det er ikkje sikkert erstatningane passar på avdelingane. Vi prøver så godt vi kan å ha ein god dialog med avdelingane og finne fram til gode løysingar. 
 
Ofte kan det vere travelt for dei tilsette på avdelingane. Då er det kjekt å bidra med å sørge for at utstyret er på rett plass. Det kan vere kritisk og livsviktig. 
– Dersom ein pasient kjem inn fredag kveld, for eksempel til dialysebehanlding, og det går tomt for ustyr må vi hive oss rundt for å få tak i det som trengs sidan det vanlegvis ikkje er levering før mandag.


Flytting og endring av arbeidsoppgåver

I februar flytter lageret på sjukehuset over til eit regionalt lager, Logistikksenteret, som er på Heimdal.


– Varene blir levert direkte frå Heimdal om natta, så vi må endre rutiner for skanning og levering. På sikt skal vi også ha ansvar for ernæring.

Frå våren av vil arbeidet endre seg på grunn av flyttinga til SNR Hjelset. 

I ein periode skal dei drifte levering til både SNR og Molde sjukehus sidan det blir gradvis flytting. I ein overgangsfase vil det verte 50 prosent drift på kvar plass. 

– Det er vi spent på, men vi tar ein dag om gangen.



Trives i Helse Møre og Romsdal  

– Samhaldet og folka er det finaste med jobben. Eg blir kjent med mange folk og må forhalde meg til ulike situasjonar. Å halde orden og lage system er noko eg likar og har erfaring med. Når andre har det travelt på avdelingane er det spesielt viktig at dei tilsette slepp å bruke tid på det. 

– Ein lege, som no er pensjonert, brukte å stoppe meg i gangen for å sei kor viktig arbeidet vårt er: Huske det, uten dykk og blant anna reinhald hadde ikkje sjukehuset fungert! 


​​Er du nysjgerrig på det å jobbe i Helse Møre og Romsdal?

Her finn du meir informasjon og oversikt over ledige stillingar: helse-mr.no/om-oss/jobb​