Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utdanning

Nysgjerrig på medisinutdanninga i Ålesund

- Dei har vore flinke til å leggje opp programmet slik at vi får sett mykje. Eg er positivt overraska over kor engasjert legane er, fortalde Selma Smidstrød som er ein av 17 studentar som vurderer å fortsette medisinutdanninga si i Ålesund.

Petter Bjørklund
Publisert 25.01.2023
Sist oppdatert 30.01.2023
To kvinner som sitter i en sofa
Albertine Raaen Bratvold (t.v.) og Selma Smidtsrød (t.h.) var to av medisinstudentane som deltok på studieturen av rein nysgjerrighet for kva studentbyen Ålesund og den desentraliserte utdanninga kan tilby dei. (Foto: Petter Bjørklund)

Til hausten skal dei første medisinstudentane byrje på desentralisert legeutdanning ved NTNU Ålesund og Ålesund sjukehus. 17 andreårsstudentar frå NTNU Trondheim deltok difor på ein organisert studietur til Ålesund for å stifte nærare kjennskap til utdanningsmodellen og byen.

Medisinstudentane Albertine Raaen Bratvold og Selma Smidtsrød bestemte seg for å delta på studieturen av rein nysgjerrigheit for kva utdanninga og studentbyen Ålesund har å by på. Begge beskriv naturen som eit særleg attraktivt element med byen.

- Som by tenkjer eg med ein gong at fjella og friluftslivet rundt om ser så flott ut, seier Bratvold.

I tillegg til det dei har fått sjå av den lokale Ålesund-naturen fortel dei at dei er positivt overraska over opplegget og engasjementet til legane på sjukehuset. 

- Eg synest dei har vore flinke til å leggje opp programmet slik at vi får sett mykje. Man får eit meir heilskapleg inntrykk av kva dette går ut på. Eg er positivt overraska over kor engasjert legane er, seier Smidtsrød.

felles13.png

Dei 17 medisinstudentane fekk ei omvising rundt på Ålesund sjukehus av legar og kommande undervisarar for hausten. (Foto: Petter Bjørklund)​

Den desentraliserte legeutdanninga NTNU Link gir studentar som har fullført dei to første åra på medisinstudiet ved NTNU Trondheim moglegheit til å ta dei neste to åra av utdanninga i Ålesund.

Prosjektleiar ved NTNU for etableringa av desentralisert legeutdanning i Ålesund og overlege Solveig Roth Hoff seier føremålet med studieturen er å gi studentane eit innblikk i studiekvardagen i Ålesund, og kva byen og regionen har å tilby dei på fritida.

- Link-modellen til NTNU inneber at innlæring av ny teorikunnskap skjer gjennom sjølvstudium medan undervisingstida blir brukt til å sjekke kva studentane kan og stimulere dei til å reflektere vidare. Dei vil også få praktisk kunnskap gjennom mykje kontakt med pasientar, seier Hoff.


Instituttleiar ved Institutt for helsevitskap ved NTNU Ålesund Svanhild Schønberg fortel at tidlegare studentrespons til Link-opplegget har vore positiv, mellom anna rundt den tette oppfølginga dei har fått frå rettleiarar og undervisarar. 

Dei 17 studentane var gjennom eit omfattande program som inkluderte omvising på Ålesund sjukehus, Ålesund lokalmedisinske senter på Åse, og NTNU i Ålesund. 

hoff

Studentane på omvising rundt poliklinikkane og avdelingane på Ålesund sjukehus. Her møter dei gastroenterolog og seksjonsleiar for Seksjon for kliniske studiar Dag Arne Lihaug Hoff (tredje frå høgre) ved Gastrolaben. (Foto: Petter Bjørklund)

NTNU Link er eit desentralisert studieløp for 3. og 4. årsstudentar ved profesjonsstudiet i medisin ved NTNU. Undervisinga føregår mellom anna på sjukehus og i kommunehelsetenesta i Levanger og Namsos. Link Levanger har eksistert sidan 2018 medan Link Ålesund starter hausten 2023. 

NTNU Link er eit samarbeid mellom NTNU, Ålesund sjukehus og Ålesund kommune.

Vil du vite meir om kva som føregjekk under studieturen kan du også leseMedisinstudentar frå NTNU Trondheim på studietur til Ålesund