Oppmodar pårørande til å avgrense besøk ved sjukehusa i Kristiansund og Molde
Dei siste dagane har det vore ei auka tilstrømming av pasientar til sjukehusa i Kristiansund og Molde. Innlagde pasientar med Covid-19 og andre infeksjonar har gjort at sengepostane ved sjukehusa no er sterkt pressa på kapasitet.
Publisert 11.04.2023
- For å ivareta pasientane på best mogleg måte ber vi pårørande om å vurdere nøye om det er naudsynt å gjennomføre besøk. Vi ber vidare om at alle besøk blir avtalt med den aktuelle avdelinga ved sjukehusa, seier klinikksjef Britt Rakvåg Roald
Naudsynt besøk skal skje i besøkstida. Sjå besøkstider her