Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Oppmodar til avgrensa besøk ved Ålesund sjukehus

Oppdatering frå 8. januar: Restriksjonane er oppheva, men ver merksam på smittsame infeksjonssjukdommar.

Publisert 28.12.2023
Sist oppdatert 16.01.2024

Oppdatering frå 08.01.24

Ålesund sjukehus er tilbake til normale besøksrutinar: 

Hugs at du ikkje kan besøke nokon på sjukehuset dersom 

  • du dei siste dagane har hatt hatt oppkast, diaré, hoste, sår hals, tungpust eller feber.  

Vurder også om besøk er nødvendig dersom du har mange rundt deg med symptom på infeksjonssjukdommar. 

Unntak kan innvilgast for pårørende til kritisk sjuke og/eller døyande. Dette avtalar du med aktuell avdeling på førehand og følgjer deira smittevernråd.

 

Tidlegare besøksrestriksjonar

På grunn av ein krevjande smittesituasjon med fulle sengepostar ved Ålesund sjukehus, oppmodar klinikksjefane Elisabeth Siebke og Siri Beate Talseth-Frilund besøkande om å vurdere strengt nødvendigheita av å besøke pasientar. 

– Oppmodinga gjeld for besøkande til medisinske og kirurgiske sengepostar, og kreftsengeposten ved sjukehuset. Vi har sett i verk ulike tiltak internt ved sjukehuset, men vi treng også hjelp av publikum for å unngå smittespreiing. Besøk ved sjukehuset bør utsetjast ved symptom på smittsame infeksjonssjukdommar, eller sjukdom i nær familie. Dette for å unngå å smitte allereie sårbare pasientar og tilsette ved sjukehuset med infeksjonar, seier Siebke og Talseth-Frilund.

Klinikksjefane påpeikar at sjukehuset har sett i verk nødvendige smitteverntiltak og at pasientar som treng sjukehusinnlegging blir teken imot som vanleg. 
 
Smittesituasjonen blir vurdert jamleg.