Patologi sin plass i pasientbehandlinga
- Patologi er eit ukjend ord for mange. Fleire knyter det truleg til obduksjon frå krimseriar, men dette er berre ein liten del av arbeidet vi gjer. I hovudsak undersøkjer vi prøvemateriale frå levande pasientar, og det er desse vi arbeidar for, seier fagbioingeniør Julianne Holmeseth Slyngstadli.
Publisert 03.04.2023

Frå venstre: Fagbioingeniør Julianne Holmeseth Slyngstadli og patolog Camilla Jøsok Nybø.
- Bioingeniørar og patologar er kanskje litt usynlig. Vi har ingen direkte kontakt med pasienten, likevel er arbeidet innan patologi særs viktig for diagnosering og pasientbehandling, seier Patolog Camilla Jøsok Nybø.
Frå prøve til resultat
Etter at ein lege, kirurg eller anna fagperson har samla prøvemateriale blir prøva send til avdeling for patologi ved Ålesund sjukehus for å undersøkjast av eit patolog. Patologar er ekspertar på å tolke celle- og vevsprøver.

Framføringsmaskiner ved Ålesund sjukehus.
Etter prøvematerialet er valt ut og kutta ned blir prøva satt i ei framføringsmaskin over natta, her blir vatn og fukt fjerna frå prøva. Dette gjer vevet fast, og enklare å behandle. Prøva blir så innstøypt i voks og vidare kutta ned for undersøking på mikroskopisk nivå. Prøva blir så lagt på objektglass og tilsett farge, dette er for å gi prøva betre synlegheit under eit mikroskop.
Det er først etter dette at patologen kan undersøkje vevet. Prøva blir lagd under eit mikroskop og patologen kan utføre diagnostikk, slik at pasienten kan få ein målretta behandling vidare. Ny teknologi har derimot endra korleis patologar arbeidar.
- Ny teknologi har hatt ein stor påverknad på korleis vi arbeider. Vi digitaliserer stadig fleire prøver, noko som gjer det mogleg å samarbeide med andre patologar uavhengig av avstand, seier patolog Camilla Jøsok Nybø. Ho legg til at dei tidligare har pakka og sendt prøver fysisk om dei ønskte å få innspel frå andre patologar, noko som kan koste verdifull tid.
Ein biobank for framtida

Patolog Camilla Jøsok Nybø undersøker ein prøve under mikroskop.
- Å oppbevare prøvene i ein biobank er svært nyttig, spesielt for forsking. Om nokon forskar på ein spesifikk sjukdom eller forandring i kroppen kan vi gi dei tilgang til relevante prøver sånn at dei får eit større forskingsmateriale, seier fagbioingeniør Julianne Holmeseth Slyngstadli. Ho legg til at biobanken også har andre formål, som eksempelvis å leite opp tidlegare prøver frå pasientar som kjem tilbake.
Dei ferdige prøvane har på denne måten ein nytteverdi sjølv etter patologen er ferdig med å undersøkje dei.