Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Reknar med oppstart til hausten

Styret i Helse Midt-Norge vedtok torsdag 5. januar å endre innføringsplanen til Helseplattformen. Justert plan for utrulling i Helse Møre og Romsdal blir lagt fram innan 19. januar. Truleg oppstart blir hausten 2023.

Publisert 06.01.2023

I styremøtet til Helse Midt-Norge i går blei det klart at det kjem ein revidert innføringsplan med ny dato for oppstart av Helseplattformen i Helse Møre og Romsdal. Bakgrunnen for vedtaket er at ein treng lenger tid til feilretting og forbetring etter innføringa ved St. Olavs hospital. Nokon av dei største utfordringane har vore knytta til elektroniske meldingar og billeddiagnostikk.

- Vi skulle helst sett at Helseplattformen blei innført 29. april etter planen, men det viktigaste vi driv med er pasientbehandling. Vi ser at St. Olavs hospital ikkje klarer å gjennomføre aktiviteten som dei hadde planlagt. Då meiner eg at det er riktig at vi får ei utsetting som gjer at når vi igangsett Helseplattformen, er det eit betre system enn om at vi hadde innført det no til våren, seier administrerande direktør Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal. Han legg til at det truleg blir igangsetting seinhausten 2023 for Helse Møre og Romsdal.

Bakke fortel vidare at han ser fram til å få eit betre system. Helseplattformen vil vere eit gode for både fagfolka og pasientane. Fagfolka vil få det same journalsystemet enten dei arbeider på sjukehus eller i kommune. Systemet vil også gi grunnlag for mykje betre samhandling med pasientane enn det vi får til i dag. Ålesund kommune vil ta i bruk Helseplattformen frå 29. april, og vi er glade for at kommuneinnføringa går vidare som tidlegare planlagt.

I den opprinnelege planen skulle opplæringa i Helseplattformen starte frå januar for instruktørar, og deretter for superbrukarar og resten av dei tilsette.
- Utsettinga vil gi oss spelerom til å gi betre opplæring og sikre ei god og forsvarleg innføring. I tillegg får vi betre tid på installering av utstyr i sjukehusa som pågår no, seier Øyvind Bakke.

Som følgje av at opplæringa blir utsatt frigis personell som skulle hatt opplæring til pasientbehandling.
- Det vil avhjelpe den krevande situasjonen vi står i no med fulle sjukehus og eit høgt antall infeksjonspasientar, seier Bakke.​​