Stor interesse for bygging av ny hovudinngang
I slutten av april skal Helse Møre og Romsdal velge entreprenør for bygginga av ny hovudinngang ved Ålesund sjukehus. Interessa for prosjektet er stor og fleire entreprenørar møtte opp til synfaringa på tampen av vinterferieveka.
Ny hovudinngang er eit delprosjekt knytt til den store utbygginga av akutt, intensiv og operasjon (AIO) ved Ålesund sjukehus. Å ferdigstille hovudinngangen er ei forutsetning for å kunne gå i gang med det større AIO-prosjektet.
Den nye hovudinngangen omfatter bygging av omtrent 240 kvadratmeter med ny bygningsmasse mot nord, samt mindre endringar av planløysingar i tilknytta areal i sjukehuset. Etableringa av ny hovudinngang vil gje ein betre flyt i sjukehuset og enklare tilkomst for brukarar.
- Etter utlysinga av tilbodskonkurransen har vi fått fleire interessentar, og det tyder på at dette er eit spennande prosjekt for mange entreprenørar, seier prosjektleiar Frank Hide frå Sykehusbygg, som er engasjert av helseføretaket for å leie prosjektet.
Arbeidet med ny hovudinngang er nært knytta opp mot etableringa av eit nytt kollektivpunkt på Borgundvegen nord for sjukehuset, planlagt parkeringshus og utomhusområdet. Tilsaman skal desse prosjekta sørge for universell tilkomst til sjukehuset for pasientar og besøkande.
- For at vi skal få satt i gang AIO hovudprosjektet, så må desse prosjekta gjennomførast. Flyttinga av hovudinngangen frå sør til nord vil gi plass til eit PET/Spect senter og poliklinikkar der hovudinngangen er i dag, og dermed vil ein også kunne gå i gang med bygginga knytt til akutt, intensiv og operasjon, seier Frank Hide.