Kva gjer du i Helse Møre og Romsdal?
Tar vare på gullet til sjukehuset
– Vi sjekkar møysommeleg for vevsrestar med luper og anna spesialutstyr, seier Linda Hatlestad (44). Ho jobbar som steriltekniker ved sjukehuset i Volda.
Linda Hatlestad har jobba ved avdelinga for operasjon og anestesi i 11 år.
– Vi kvalitetssikrar og kontrollerer at kirurgiske fleirgongsinstrument er trygge å bruke på neste pasient.
Instrumenta som blir brukt under operasjonar er kostbare. Rett behandling er derfor utruleg viktig. Det veit Linda mykje om. Ho har 60 studiepoeng i eit studie innan sterilteknikk og smittevern ved Hordaland helsefagskule i Bergen. I tillegg er ho helsefagarbeider og har også utdanning som medisinsk sekretær med laboratoriearbeid.
Handtering av komplisert utstyr
– Kirurgiske instrument vert stadig meir komplekse og utfordrande å handtere. Vi må derfor vere fagleg oppdatert. Det skjer ofte endringar og vi får heile tida nye instrument vi må gjere oss kjent med.– Dette er instrument som blir brukt på tvers av sjukehusa, fortel ho.
Som steriltekniker har ho god kunnskap om mikrobiologi og smittevern i helsetenesta. Ho har også god teknisk innsikt og forståing. På grunn av strengare krav til sporing og pasientsikkerheit er alle instrument lagt inn i eit digitalt sporingssystem og kvalitetssikringssystem. Dette gjer at vi heile tida har kontroll på instrumenta og kan spore dei tilbake til kvar enkelt pasient. Det gjeld også for komponentar som skruar, plater, proteser og lignande som blir satt inn i kroppen.
Trivst med å jobbe i Helse Møre og Romsdal
– Det beste med arbeidsplassen min er at vi har godt arbeidsmiljø. Det er også ein viktig faktor for å gjere jobben på ein god måte. Eg har kollegaer som både ser og anerkjenner kvarandre. Alle ledd er viktige for at hjula skal gå rundt på avdelinga, og for at vi skal klare å drifte godt.Er du nysgjerrig på det å jobbe i Helse Møre og Romsdal?
På helse-mr.no/jobb finn du meir informasjon og ei oversikt over ledige stillingar!